bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
1 Samuel 11
1 Samuel 11
Norwegian 1938
← Chapter 10
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 12 →
1
Nahas, ammoniten, gjorde ei herferd og kringsette Jabes i Gilead. Då sa alle Jabes-buane til han: Gjer fred med oss, so skal me tena det!
2
Men Nahas, ammoniten, svara: Ja, eg vil gjera fred med dykk, men berre på det vilkåret at eg sting ut høgre auga på kvar av dykk og soleis fær gjort vanæra på heile Israel.
3
Då sa styresmennene i Jabes til han: Gjev oss frest i sju dagar, so me kann senda bod kringum i heile Israelsriket! Er det då ingen som hjelper oss, so vil me gjeva oss yver til deg.
4
Då dei som for med bodet, kom til Gibea, heimstaden åt Saul, og bar fram ærendi si for folket, brast heile folket i gråt.
5
I same stundi kom Saul heim av åkeren med uksane sine fyre seg. Han spurde: Kva hev kome åt folket med di dei græt? So fortalde dei han kva bod Jabes-mennene hadde bore.
6
Då Saul høyrde det, kom Guds Ande yver han, og harmen loga upp i hugen hans.
7
Han tok tvo uksar og luta dei upp og sende lutene kring i heile Israelsriket med bodberarane, som skulde segja: So skal dei gjera med uksane åt den som ikkje fylgjer Saul og Samuel i striden, Då kom det ein otte frå Herren yver folket, og dei drog ut alle som ein.
8
Han mynstra dei i Besek; det var tri hundrad tusund Israels-søner og tretti tusund Juda-menner.
9
So sa dei til sendemennene som var komne: Seg til Jabes-buane: I morgon høgstdags leite skal det kome hjelp åt dykk! Då sendemennene kom heim att med det bodet, vart Jabes-buane glade,
10
og dei sa [til ammonitane]: I morgon vil me gjeva oss yver til dykk so fær de gjera med oss som de synest!
11
Dagen etter skipa Saul folket i tri hopar, og fyrstundes i otta braut dei seg inn i lægret og hogg ned ammonitane, og dei heldt ikkje upp fyrr det leid til høgstdags. Dei som var att, vart spreidde vida ikring - det vart ikkje att tvo mann på ein stad.
12
Då sa folket til Samuel: Kven var det som sa: Skal Saul vera konge yver oss? Hit med karane, so me kann få slå dei i hel.
13
Men Saul sa: På denne dagen skal ingen lata livet; for i dag hev Herren gjeve Israel siger.
14
Og Samuel sa til folket: Kom, lat oss fara til Gilgal og stadfesta kongedømet der!
15
So for alt folket til Gilgal, og der i Gilgal gjorde dei Saul til konge for Herrens åsyn og ofra takkoffer for Herrens åsyn. Og Saul og alle Israels-mennene gledde seg storleg.
← Chapter 10
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 12 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31