bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
1 Samuel 29
1 Samuel 29
Norwegian 1938
← Chapter 28
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 30 →
1
Filistarane samla alle herane sine i Afek; men Israel lægra seg innmed kjelda i Jisre'el.
2
Som no filistarhovdingane drog fram med flokkar på hundrad mann og på tusund mann, kom David og mennene hans og dragande; dei fylgde Akis og var attarst i ferdi.
3
Då sa filistarhovdingane: Kva skal desse hebrearane her? Akis svara: Ser de ikkje det er David, som fyrr gjorde hertenesta hjå Saul, Israels-kongen? No hev han vore hjå meg år og dag, og eg hev ikkje funne noko å lasta han for frå den dag han gjekk yver til meg, og til no.
4
Men hovdingane vart vonde på han og sa til han: Send mannen attende! Lat han fara heim att til den bygdi du hev gjeve han til bustad! Han skal ikkje draga med oss ut i striden; han kunde gjerne venda seg mot oss midt i slaget. For korleis kunde han lettare få koma seg inn att hjå herren sin enn med hovudi av hermennene våre?
5
Er det ikkje den same David som dei song soleis um medan dei dansa: Saul felte fiendar i tusundtal, men David i titusund-tal?
6
Då kalla Akis David til seg og sa til han: So visst som Herren lever: Du er ein ærleg kar, og eg vilde gjerne du skulde ganga ut og inn hjå meg i lægret; for eg hev ikkje set anna enn godt av deg alt ifrå den dag du kom til meg, og til no. Men hovdingane likar deg ikkje.
7
So far no heim att i fred, so du ikkje gjer noko som er filistarhovdingane imot!
8
David svara: Kva hev eg då gjort? Hev du havt noko å segja på meg i den tid eg hev vore i di tenesta, sidan eg ikkje må vera med og strida mot fiendane dine, herre konge?
9
Akis sa: Eg veit med meg sjølv at eg held deg so gjæv som du skulde vera ein Guds engel; men filistarhovdingane segjer: Han fær ikkje draga med oss ut i striden.
10
So ris no tidleg upp i morgon, du og mennene åt herren din som hev fylgt deg hit - gjer dykk reiduge i otta og tak i vegen so snart de ser at det ljosnar!
11
So reis David og mennene hans upp tidleg i otta og gav seg same dagen på vegen attende til Filistarlandet; men filistarane drog upp til Jisre'el.
← Chapter 28
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 30 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31