bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
1 Samuel 5
1 Samuel 5
Norwegian 1938
← Chapter 4
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 6 →
1
Filistarane tok Guds kista og førde henne frå Eben-Eser til Asdod.
2
Der tok filistarane og bar Guds kista inn i Dagons hus og sette henne jamsides med Dagon.
3
Tidleg andre dagen fekk Asdod-buane sjå at Dagon låg å gruve på golvet framanfor Herrens kista. Dei tok han og sette han på staden sin att.
4
Tidleg morgonen etter kom dei att og fann Dagon liggjande å gruve på golvet framanfor Herrens kista, og hovudet hans og båe hendene låg avhogne på dørstokken; berre bulen var att av Dagon.
5
Difor er det Dagons-prestane og alle andre som gjeng inn i Dagons hus i Asdod, aldri stig på Dagons dørstokk; so er det endå i dag.
6
Herrens hand låg tungt på Asdod-folket; han tynte dei og søkte dei med svullsott, både i sjølve Asdod og i bygdene rundt ikring.
7
Då Asdod-mennene såg korleis det gjekk, sa dei: Kista åt Israels Gud skal ikkje vera hjå oss lenger; for handi hans råmar oss hardt, både oss og Dagon, guden vår.
8
So sende dei bod ikring og stemnde til seg alle filistarhovdingane og spurde: Kva skal me gjera med kista åt Israels Gud? Dei svar: Ho lyt flytjast til Gat. So flutte dei henne dit.
9
Men då dei vel hadde flutt henne, råma Herrens hand byen og valda ei ovstor redsla; han søkte folket i byen med sott, so det braut ut svullar både på små og store.
10
Då sende dei Guds kista til Ekron; men då ho kom dit, skreik Ekron-buane yver seg og sa: No hev dei flutt kista åt Israels Gud hit til meg og vil drepa meg og folket mitt.
11
So sende dei bod ikring og stemnde i hop alle filistarhovdingane og sa: Send kista åt Israels Gud burt, og lat henne koma attende på rette staden sin! Elles kjem ho til å drepa meg og folket mitt. For det var komi ei dauderedsla yver heile byen; Herrens hand låg ovtung på han.
12
Dei mennene som ikkje døydde, vart ille plaga av svullar, og naudropet frå byen steig upp til himmelen.
← Chapter 4
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 6 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31