bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
1 Samuel 3
1 Samuel 3
Norwegian 1938
← Chapter 2
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 4 →
1
Guten Samuel tente no Herren for augo åt Eli. Herrens ord var dyrt i dei dagane, og syner var det ikkje mange av.
2
So var det ein gong medan Eli låg og sov i romet sitt - augo hans hadde teke til å dimmast, so han ikkje kunde skilja,
3
og Guds lampa hadde endå ikkje slokna, og Samuel sov i Herrens heilagdom, der Guds kista stod -
4
då ropa Herren på Samuel. Han svara: Ja, her er eg!
5
og sprang burt til Eli og sa: Her er eg! Du ropa på meg. Men Eli sa: Eg ropa ikkje; gakk og legg deg att! So gjekk han og la seg.
6
Men Herren ropa endå ein gong: Samuel! Og Samuel reis upp og gjekk burt til Eli og sa: Her er eg! Du ropa på meg. Men Eli svara: Nei, eg ropa ikkje, guten min; gakk og legg deg, du!
7
Samuel kjende endå ikkje Herren; for det var endå ikkje kome noko ord til han frå Herren.
8
So ropa Herren tridje gongen: Samuel! Og han reis upp og gjekk burt til Eli og sa: Her er eg! Du ropa på meg. Då skyna Eli at det var Herren som ropa på guten,
9
og han sa til Samuel: Gakk du og legg deg, og ropar nokon på deg att, so skal du svara: Tala, Herre! Tenaren din høyrer. So gjekk Samuel og la seg i romet sitt.
10
Då kom Herren og stod der og ropa liksom dei fyrre gongene: Samuel, Samuel! Og Samuel svara: Tala! Tenaren din høyrer.
11
Då sa Herren til Samuel: No vil eg gjera slike ting i Israel at det skal ringja for båe øyro på alle som høyrer um det.
12
Den dagen skal eg lata koma yver Eli alt det eg hev varsla um ætti hans, frå fyrst til sist.
13
For eg hev gjort det kunnigt for han at eg vil døma ætti hans for all tid for det brotet han hev gjort: at han ikkje aga sønene sine, endå han visste at dei førde forbanning yver seg.
14
Difor hev eg svore Eli-ætti: Aldri i verdi skal broti åt Eli-ætti kunna sonast, korkje med slaktoffer eller med matoffer.
15
Samuel vart liggjande til morgons; då opna han døri til Herrens hus, men han torde ikkje fortelja Eli um syni.
16
Då ropa Eli på Samuel og sa: Samuel, guten min! Han svara: Ja, her er eg.
17
Eli spurde: Kva var det han sa til deg? Kjære, dyl det ikkje for meg! Gud late deg bøta både no og sidan um du dyl for meg noko av det han sa til deg!
18
So fortalde Samuel alt saman og dulde ingen ting for han. Då sa Eli: Han er Herren; han lyt gjera som han tykkjer best.
19
Samuel voks no upp, og Herren var med han og let ikkje noko av ordi sine verta um inkje.
20
Då skyna heile Israel frå Dan til Be'erseba at Herren sette lit til Samuel og hadde kalla han til profet.
21
Og Herren heldt ved og synte seg i Silo; for det var der Herren openberra seg for Samuel med sitt ord.
← Chapter 2
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 4 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31