bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Deuteronomy 13
Deuteronomy 13
Norwegian 1938
← Chapter 12
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 14 →
1
Når det stig fram ein profet millom dykk, eller ein som hev draumsyner, og han spår deg eit teikn eller under
2
og segjer: Lat oss fylgja andre gudar - gudar som du ikkje kjenner - og dyrka dei! og det hender, det som han spådde,
3
so lyd ikkje etter kva slik ein profet eller draumsjåar segjer; for Herren dykkar Gud vil berre røyna dykk og sjå um de elskar han av alt dykkar hjarta og all dykkar hug.
4
Herren dykkar Gud skal de fylgja, og han skal de ottast; hans bod skal de akta på, og hans ord skal de høyra; han skal de tena, og han skal de halda dykk til.
5
Og denne profeten eller draumsjåaren skal lata livet, for di han talde dykk til å falla frå Herren dykkar Gud, som førde dykk ut or Egyptarlandet og fria deg ut or slavehuset, og for di han vilde lokka deg burt frå den vegen som Herren din Gud hev sagt du skal ganga. Soleis skal du rydja det vonde ut or lyden.
6
Um bror din, son åt di eigi mor, eller son din eller dotter di eller kona di som du held i fanget, eller venen din, som du hev so kjær som di eigi sjel - um nokon av desse lokkar deg i løynd og segjer: Lat oss ganga av og dyrka andre gudar! - gudar som du ikkje kjenner, og federne dine aldri hev kjent,
7
ein av gudane åt dei folki som bur rundt ikring dykk, tett innmed eller langt undan, frå den eine enden av jordi til hin -
8
so skal du ikkje fara etter han og ikkje høyra på han; du skal ikkje spara han og ikkje tykkja synd i han og ikkje dylja brotet hans,
9
men du skal drepa han; sjølv skal du vera den fyrste som lyfter handi mot han, og sidan skal heile folket gjera det same.
10
Du skal steina han i hel, for di han freista å lokka deg burt frå Herren din Gud, som førde deg utor Egyptarlandet, or slavehuset.
11
Og heile Israel skal høyra det og reddast, so dei aldri meir vert gjort so stygg ei synd millom dykk.
12
Høyrer du dei segjer um nokon av dei byane som Herren din Gud gjev deg til å bu i:
13
Det hev stige fram gudlause menner millom dykk, og dei hev fenge folket i byen sin til å dyrka andre gudar - gudar som de ikkje kjenner -
14
so skal du granska og røkja etter og spyrja deg vel fyre, og syner det seg då å vera sant, er det visst og vitnefast at det hev vore gjort slikt skjemdarverk hjå dykk,
15
so skal du bannstøyta den byen han og alt som i han er, og hogga ned både folk og fe.
16
Alt herfanget du tek der, skal du samla i hop midt på torget, og brenna upp både det og byen til eit heiloffer åt Herren din Gud, og sidan skal byen for alle tider vera ein grushaug og må aldri byggjast upp att.
17
Du må ikkje halda att noko av det som er bannstøytt; då skal Herren stagga sin brennande vreide og gjeva deg nåde og syna deg miskunn og auka ætti di, som han lova federne dine -
18
so sant du lyder Herren din Gud og aktar på alle bodi hans, dei som eg ber fram for deg i dag, og gjer det som rett er i hans augo.
← Chapter 12
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 14 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34