bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Deuteronomy 25
Deuteronomy 25
Norwegian 1938
← Chapter 24
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 26 →
1
Når folk som ligg i tretta med kvarandre, møter fram for retten og fær dom i saki, so skal den som hev rett, få retten sin, og den som hev urett, verta felt.
2
Lyder domen so at den som hev urett, skal hava hogg, so skal dei leggja han ned, og domaren skal sjå på at dei gjev han so mange slag som svarar til brotet han hev gjort.
3
Fyrti slag kann dei slå han, ikkje fleire; for gjev dei han mange fleire slag, vert bror din ærelaus for deg.
4
Du skal ikkje setja muleband på ein ukse som du treskjer med.
5
Når brør bur i hop, og ein av dei døyr sonlaus, då må ikkje enkja etter den avlidne gifta seg ut or ætti, og taka ein framand til mann; men verbror hennar skal ganga inn til henne og taka henne til kona og bu i hop med henne i staden for bror sin.
6
Og den fyrste sonen ho fær, skal kallast for son åt den avlidne broren, so ikkje namnet hans skal døy ut i Israel.
7
Men hev ikkje verbroren hug til å gifta seg med enkja, so skal ho ganga fram på tinget for styresmennene og segja: Verbror min neittar å reisa upp eit namn åt bror sin i Israel; han vil ikkje gifta seg med meg i staden for bror sin.
8
Då skal styresmennene i byen hans kalla han fyre seg og telja for han; og stend han endå på sitt og segjer: Eg hev ikkje hug til å gifta meg med henne,
9
so skal brorkona ganga burt til han so styresmennene ser på det, og draga skoen av foten hans og sputta han i andletet og segja desse ordi: So skal ein fara åt med den som ikkje vil byggja upp att huset åt bror sin.
10
Og sidan skal dei i Israel kalla ætti hans berrføtt-ætti.
11
Når menner ry i hop og slæst, og kona åt ein av dei spring burtåt og vil hjelpa mannen sin, og so retter ut handi og grip den som slær han, i blygsli,
12
då skal du hogga av henne handi og ikkje spara henne.
13
Du skal ikkje hava tvo slag vektlodd i taska di, eit større og eit mindre.
14
Du skal heller ikkje hava tvo slag efa i huset ditt, ein større og ein mindre.
15
Heile og rette vektlodd og heil og rett efa skal du hava. Då skal du få leva lenge i det landet som Herren din Gud gjev deg.
16
For alle som gjer sovore, alle som gjer urett, er ein styggedom for Herren din Gud.
17
Kom i hug korleis Amalek for åt med deg då de var på ferdi frå Egyptarland,
18
korleis han kom imot deg på vegen medan du var trøytt og mod, og hogg ned alle dei som for attarst i heren din, alle dei som var veike og hadde gjeve seg etter; so lite ottast han Gud!
19
Og når Herren din Gud gjev deg fred for alle fiendane dine rundt ikring i det landet han gjev deg til odel og eiga, då skal du rydja ut minnet um Amalek, so det ikkje finst meir under himmelen. Gløym ikkje det!
← Chapter 24
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 26 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34