bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Deuteronomy 17
Deuteronomy 17
Norwegian 1938
← Chapter 16
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 18 →
1
Du skal ikkje ofra til Herren din Gud ein ukse eller sau som hev noko lyte eller mein; for det er ein styggedom for Herren din Gud.
2
Finst det i nokon av dei byane som Herren din Gud gjev deg, ein mann eller ei kvinna av lyden som gjer det Herren din Gud mislikar, og bryt pakti hans,
3
og tvert imot det eg hev sagt, gjeng av og tener andre gudar og tilbed dei eller soli eller månen eller heile himmelheren,
4
og dette vert sagt deg, og du fær høyra um det, so skal du granska saki vel; og syner det seg då å vera sant, er det visst og vitnefast at slikt skjemdarverk er gjort i Israel,
5
då skal den mannen eller kvinna som hev gjort det brotet, førast ut til tingstaden og steinast i hel, anten det er mann eller kvinna.
6
Etter vitnemål frå tvo eller tri mann lyt den vera dømd som skal lata livet; han skal ikkje missa livet etter ein manns vitnemål.
7
Vitni skal fyrst lyfta handi til å drepa han, og sidan heile folket. Soleis skal du rydja det vonde ut or lyden.
8
Er ei sak for vand for deg å døma i, anten det er ei dråpssak eller ei rettstretta eller eit søksmål for helseskade, eller kva det elles er for saker som kann koma upp i byane dine, so skal du gjera deg reidug og fara upptil den staden som Herren din Gud vel seg ut.
9
Der skal du ganga til Levi-prestane og til den domaren som då er, og spyrja deg fyre, og dei skal segja deg korleis domen retteleg skal vera.
10
Og du skal fylgja den fyresegni dei gjev deg på den staden som Herren vel seg ut; du skal i alle måtar gjera soleis som dei lærer deg.
11
Den lovi dei lærer deg, og den domen dei segjer deg, skal du halda deg etter og ikkje vika av frå det dei segjer deg fyre, korkje til høgre eller til vinstre.
12
Men den mannen som er so vyrdlaus at han ikkje vil høyra på presten, som stend det i Herrens tenesta, eller på domaren, den mannen skal døy. Soleis skal du rydja det vonde ut or Israel.
13
Og heile folket skal høyre det og ottast, so dei ikkje fer so vyrdlaust åt meir.
14
Når du kjem inn i det landet som Herren din Gud gjev deg, og hev lagt det under deg og fest bu der, og du då kjem på at du vil setja ein konge yver deg, liksom alle folki rundt ikring deg,
15
so skal du taka til konge yver deg den som Herren din Gud kårar ut. Ein av brørne dine skal du taka til konge; du må ikkje taka ein framand, ein som ikkje er bror din.
16
Men han skal ikkje halda mange hestar og ikkje senda folket attende til Egyptarland, so han kann få seg mange hestar; for Herren hev sagt dykk: Den vegen skal de ikkje fara meir!
17
Og han skal ikkje taka seg mange konor, so hugen hans kjem på avveg. Ikkje heller skal han draga i hop mykje sylv og gull.
18
Når han hev stige upp på kongsstolen, skal han få denne lovi hjå Levi-prestane og få henne avskrivi åt seg i ei bok;
19
og den skal han hava hjå seg og lesa i alle sine levedagar, so han kann læra å ottast Herren sin Gud og akta på alle desse lovbodi og fyresegnene og leva etter dei,
20
og so han ikkje skal ovmoda seg yver brørne sine og vika av ifrå bodet, korkje til høgre eller vinstre; då skal han leva lenge i riket sitt i Israel, både han og sønene hans.
← Chapter 16
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 18 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34