bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Deuteronomy 23
Deuteronomy 23
Norwegian 1938
← Chapter 22
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 24 →
1
Den som er klakka eller skoren på blygsli, må ikkje vera med i Herrens lyd.
2
Den som er fødd i hor, må ikkje vera med i Herrens lyd; jamvel etterkomarane hans radt til tiande leden skal vera utestengde frå Herrens lyd.
3
Ein ammonit eller moabit må ikkje vera med i Herrens lyd; jamvel etterkomarane deira radt til tiande leden skal allstødt vera utestengde frå Herrens lyd,
4
for di dei ikkje møtte dykk ikkje på vegen med brød og vatn då de kom frå Egyptarland, og for di han leigde Bileam, son åt Beor, frå Petor i Mesopotamia til å banna deg.
5
Men Herren din Gud vilde ikkje høyra på Bileam; han vende forbanningi um til velsigning for deg, av di han hadde deg kjær.
6
Aldri i dine levedagar skal du syta for deira velferd og lukka.
7
Edomitane skal du ikkje hava stygg til; for dei er brørne dine. Egyptarane skal du heller ikkje hava stygg til; for du hev havt tilhald i landet deira.
8
Etterkomarane deira i tridje leden kann få vera med i Herrens lyd.
9
Når du tek ut i strid mot fiendane dine og slær læger, so skal du akta deg for alt som er usømeleg.
10
Er ein av dykk urein etter noko som hev hendt han um natti so skal han ganga ut or lægret og må ikkje koma inn att
11
fyrr det lid mot kvelden; då skal han laugs seg, og når soli glader, kann han koma inn i lægret.
12
Utanfor lægret skal du hava ein stad som ligg for seg sjølv; dit skal du ganga dine ærender.
13
Og millom tølone dine skal du hava ein spade; med den skal du grava attyver det som kjem ifrå deg når du sit der ute.
14
For Herren din Gud er med deg i lægret; han vil hjelpa deg og gjeva fiendane i di makt; difor skal lægret ditt vera heilagt; han må ikkje sjå noko ufyse der; for då vender han ryggen til og gjeng ifrå deg.
15
Ein træl som hev rømt frå herren sin og tydt seg til deg, skal du ikkje senda han attende til herren hans.
16
Lat han få bu kvar han vil i landet ditt, i ein av byane dine, der han likar seg best, og ver ikkje hard imot han!
17
Det må ikkje finnast møy eller svein i Israel som vigjer seg til skjøkjelivnad.
18
Kom ikkje med skjøkjeløn eller tevepengar inn i huset åt Herren din Gud, um du so skulle hava lova sovore! For alle slike pengar er ein styggedom for Herren din Gud.
19
Du skal ikkje taka renta av bror din, korkje for pengar eller matvaror eller noko anna som dei tek renta for.
20
Ein utlending kann du taka renta av, men av bror din må du ikkje taka renta; då skal Herren din Gud velsigna deg i alt du tek deg fyre i det landet du kjem inn i og skal taka i eige.
21
Når du gjer ein lovnad til Herren din Gud, so må du ikkje drygja med å halda det du hev lova; for Herren din Gud kjem til å krevja det etter deg, og då fær du synd på deg.
22
Men um du let vera å gjera nokon lovnad, so fær du ingi synd på deg for det.
23
Ordet du hev gjeve, det skal du koma i hug og halda, soleis som du av fri vilje og med din eigen munn hev lova Herren din Gud.
24
Kjem du inn i annan manns vinhage, so kann du eta druvor, so mykje du vil, til du er nøgd; men du må ikkje sanka i kopp.
25
Kjem du inn i annan manns åker, so kann du taka aks med handi; men med sigd må du ikkje koma med i annan manns åker.
← Chapter 22
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 24 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34