bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Hosea 1
Hosea 1
Norwegian 1938
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 2 →
1
Herrens ord som kom til Hoseas, son åt Be'eri, i dei dagane då Ussias, Jotam, Akas og Esekias var kongar i Juda, og då Jeroboam Joasson var konge i Israel.
2
Då Herren tok til å tala til Hoseas, sa han til han: Gakk av stad og få deg ei horkona og horeborn! For landet driv hor og fylgjer ikkje lenger Herren.
3
Då gjekk han stad og gifte seg med Gomer Dibla'imsdotter, og ho vart med barn og fødde han ein son.
4
Og Herren sa til han: Kalla han Jisre'el! For um eit lite bel vil eg lata huset hans Jehu lida for Jisre'els blodskuld og gjera ende på kongedømet i Israels hus;
5
og den dagen skal det bera so til at eg bryt sund Israels boge i Jisre'elsdalen.
6
Og ho vart med barn att og fekk ei dotter. Då sa han til han: Kalla henne Lo-Ruhama! For eg kjem ikkje lenger til å miskunna Israels hus, so eg tilgjev dei.
7
Men Judas hus vil eg miskunna, og eg vil lata dei verta frelste ved Herren deira Gud; men eg vil ikkje frelsa dei med boge eller sverd eller krig, med hestar eller ridarar.
8
Då ho hadde vant av Lo-Ruhama, vart ho med barn att og fekk ein son.
9
Då sa han: Kalla han Lo-Ammi! For de er ikkje mitt folk, ikkje heller skal eg høyra dykk til.
10
Men like vel skal talet på Israels-borni verta som havsens sand, den som ikkje kann mælast eller teljast; og det skal ganga so, at på den staden der det vart sagt til dei: De er ikkje mitt folk, der skal ein segja til dei: Borni åt den levande Gud.
11
Juda-borni og Israels-borni skal fylkja seg saman og taka seg ein hovding og fara upp or landet; for stor er Jisre'els dag.
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 2 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14