bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Hosea 5
Hosea 5
Norwegian 1938
← Chapter 4
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 6 →
1
Høyr dette, de prestar, og gjev gaum, du Israels hus, og du, kongehus, legg øyra til! For dykk gjeld domen; for ei snara hev de vore på Mispa og eit utspena net på Tabor.
2
Djupt hev dei falle i mange slag villferd; men eg skal tukta dei alle i hop.
3
Eg kjenner Efra'im, og Israel er ikkje løynt for meg; for no hev du drive hor, Efra'im! Israel hev sulka seg til.
4
Gjerningane deira let dei ikkje få venda um til deira Gud; for dei hev ei hordoms ånd i bringa si, og Herren, honom kjenner dei ikkje.
5
Men Israels byrgskap skal vitna imot det beint uppi syni, og Israel og Efra'im skal stupa for si misgjerning; Juda skal og stupa med dei.
6
Um dei fer av stad med sine sauer og uksar og vil søkja Herren, so finn dei han ikkje; han hev drege seg ifrå dei.
7
Mot Herren hev dei vore utrue, for dei hev født born som ikkje er hans; no skal nymånen eta upp både dei og alt det dei eig.
8
Blås i lur i Gibea, i trompet i Rama! Blås alarm i Bet-Aven! Fienden er etter deg, Benjamin!
9
Efra'im skal verta ei audn på refsingsdagen; millom Israels ætter hev eg kunngjort det som visseleg skal henda.
10
Juda-hovdingane hev vorte liksom dei som flyt merkesteinar; yver dei skal eg ausa ut vreiden min som vatn.
11
Efra'im vert nedkua, krasa ved dom; for han gav seg til å fylgja menneskebod.
12
Eg er som mòl for Efra'im og som ròt i beini for Judas hus.
13
Då Efra'im gådde sjukdomen sin og Juda såret sitt, då for Efra'im til Assur og sende bod til kong Jareb; men han kann ikkje gjera dykk gode att, og såret dykkar vert ikkje lækt.
14
For eg er som ei løva mot Efra'im og som ei ungløva mot Judas hus; sjølv riv eg sund og fer min veg; eg ber fengdi burt, og ingen kann berga.
15
Eg vil ganga min veg attende til min stad, til dess dei kjennest ved si skuld og søkjer mi åsyn; i si naud skal dei leita etter meg.
← Chapter 4
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 6 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14