bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Hosea 11
Hosea 11
Norwegian 1938
← Chapter 10
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 12 →
1
Då Israel var ung, hadde eg han kjær, og ut or Egyptarland kalla eg son min.
2
Di meir dei kalla på dei, di meir gjekk dei burt ifrå dei; dei ofrar til Ba'alane og brenner røykjelse for dei utskorne bileti.
3
Og det var då eg som lærde Efra'im å ganga og tok dei på armane mine; men dei skyna ikkje at eg lækte dei.
4
Med menneskesnorer drog eg dei, med kjærleiksreip; eg var for dei som lettar åket yver kjakane, og eg gav han mat.
5
Han skal ikkje fara attende til Egyptarland, men Assur skal vera kongen hans; for dei vilde ikkje venda um.
6
Sverdet skal rasa i byane hans og brjota bommane hans og eta ikring seg - for deira meinråder skuld;
7
for folket mitt heng fast i sitt fråfall frå meg, og um nokon kallar dei til det høge, so er det ingen av dei som lyfter augo uppetter.
8
Kor skal eg nenna gjeva deg upp, Efra'im, lata deg fara, Israel? Kor skal eg nenna gjeva deg upp som Adma, gjera med deg som med Sebo'im? Hjarta mitt snur seg i meg, all min medynk vaknar.
9
Eg vil ikkje lata deg kjenna min brennande harm, eg vil ikkje tyna Efra'im ein gong til; for eg er Gud og ikkje eit menneske, den Heilage midt i deg; med vreide vil eg ikkje koma.
10
Herren skal dei fylgja; han skal bura som ei løva; ja, han skal bura, og bivrande skal borni hans koma frå havet;
11
bivrande skal dei koma som fuglar frå Egyptarland, som duvor frå Assurs land, og eg vil lata dei bu i husi sine, segjer Herren.
← Chapter 10
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 12 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14