bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Hosea 6
Hosea 6
Norwegian 1938
← Chapter 5
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 7 →
1
Kom, lat oss venda um til Herren! For det er han som hev rive sund, men han vil og lækja oss; han slo, men vil og fetla oss.
2
Han skal gjera oss levande um tvo dagar; den tridje dagen skal han reisa oss upp att, og me skal leva for hans åsyn.
3
So lat oss læra å kjenna Herren, lat oss leggja vinn på å læra å kjenna han! Han renn upp so visst som morgonroden, og han kjem til oss som regnet, som eit vårregn som væter jordi.
4
Kva skal eg gjera med deg, Efra'im? Kva skal eg gjera med deg, Juda? For kjærleiken dykkar er som ei morgonsky, lik doggi som tidleg kverv.
5
Difor hev eg gjeve dei hogg ved profetane, drepe dei med ordi frå min munn, og domane yver deg for ut som ljonet.
6
For eg hev hug til kjærleik og ikkje til slaktoffer, og til gudskunnskap meir enn til brennoffer.
7
Men dei hev brote pakti, liksom Adam; der hev dei vore utrue mot meg.
8
Gilead er ein by med illgjerningsmenner, full av blodfar.
9
Og lik ein røvarflokk som ligg på lur etter folk, er heile prestehopen; dei drep på vegen til Sikem; ja, skamlaust hev dei fare åt.
10
I Israels hus hev eg set gruelege ting; der driv Efra'im hor, der hev Israel sulka seg til.
11
For deg og, Juda, er tiletla ei skurdonn, når eg gjer ende på mitt folks fangetid.
← Chapter 5
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 7 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14