bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Song of Solomon 1
Song of Solomon 1
Norwegian 1938
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 2 →
1
Høgsongen av Salomo.
2
Han kysse meg med kyssar av sin munn! For din kjærleik er betre enn vin.
3
Dine salvar angar so ljuvleg, ein utrend salve er ditt namn; difor held møyane av deg.
4
Drag meg! Me vil springa etter deg. Kongen hev ført meg inn i sine kovar; me vil fegnast og frygdast i deg, me vil prisa din kjærleik meir enn vin; med rette elskar dei deg.
5
Eg er svart, men like vel ven, de Jerusalems døtter, som Kedars tjeldbuer, som Salomos tjeldteppe.
6
Sjå ikkje på meg, av di eg er so svart, av di soli hev brent meg so! Sønene åt mor mi harmast på meg, dei sette meg til vingardsvaktar; min eigen vingard hev eg ikkje vakta.
7
Seg meg, du som mi sjel elskar: Kvar gjæter du no? Kvar held du middagskvild? For kvi skal eg ganga som ei kvinna med slør attmed hjordene åt felagane dine?
8
Veit du det ikkje, du fagraste av kvinnor, so fylg berre faret etter hjordi og gjæt dine kje burtmed hyrdingbuene!
9
Med gangarane for Faraos vogner liknar eg deg, min hugnad.
10
Vene er dine lekkjeprydde vangar, din hals med perleradene.
11
Lekkjor av gull skal me laga åt deg med sylvprikkar på.
12
Alt medan kongen sat med sitt bord, gav min narde sin ange.
13
Venen min er meg ei myrrakula, som ligg innved barmen min.
14
Venen min er meg ei cyperdruva i En-Gedis vingardar.
15
Kor fager du er, min hugnad, kor fager du er! Dine augo er duvor.
16
Å, kor du er fager, min ven, kor du er ljuvleg! Og vårt lægje er grønt.
17
Sedrar er bjelkane i vårt hus, cypressar er vår tavlute himling.
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 2 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8