bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Song of Solomon 3
Song of Solomon 3
Norwegian 1938
← Chapter 2
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 4 →
1
På lægjet leita eg um natti etter han som leikar i min hug; eg leita, men fann han ikkje.
2
[Då sa eg:] Eg vil upp og sviva kring i byen, på gatone og på torgi; eg vil leita etter han som leikar i min hug. Eg leita, men fann han ikkje.
3
Eg møtte vaktarane, som sviv ikring i byen. [Eg sa til dei:] Hev de set han som leikar i min hug?
4
Eg hadde ikkje fyrr gjenge frå dei, fyrr eg fann han som leikar i min hug. Eg tok fat på han og eg slepper han ikkje fyrr eg fær han inn i huset åt mor mi, i koven hennar som åtte meg.
5
Eg naudbed dykk, de Jerusalems døtter, ved rådyri eller ved hindane i marki, at de ikkje vekkjer og ikkje eggjer kjærleiken, fyrr sjølv han so vil!
6
Kven er ho som kjem upp frå øydemarki, som var det røykstolpar, umfløymd av angande myrra og røykjelse, av alle slag kræmar-kryddor?
7
Sjå, her er Salomos seng med seksti kjempor ikring, av Israels herkjempor.
8
Alle er væpna med sverd, er røynde i hermannsyrket. Kvar ein ber sverdet ved lend til vern imot fårar um natti.
9
Ei bereseng laga kong Salomo seg av Libanons tre.
10
Stolpane laga han av sylv, ryggstøi av gull, puta av purpurraudt ty. Inni er ho i kjærleik prydd av Jerusalems døtter.
11
De Sions døtter, gakk ut og sjå på kong Salomo med kruna som mor hans hev krynt han med på hans brudlaupsdag, på hans hjarte-fagnads dag.
← Chapter 2
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 4 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8