bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Amos 3
Amos 3
Norwegian N 78 NN
← Chapter 2
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 4 →
1
Høyr dette ordet som Herren har tala mot dykk, de Israels søner, mot heile den ætta som eg førte opp ¬frå Egyptarlandet:
2
Berre dykk ville eg ¬kjennast ved mellom alle folk på jorda. Difor krev eg dykk ¬til rekneskap for alle syndene dykkar.
3
Går vel to i lag når dei ikkje har vorte samde ¬om det?
4
Brøler løva i skogen når ho ikkje har funne rov? Brummar ungløva i hola si når ho ikkje har fanga noko?
5
Fell ein fugl i ei snare på marka når ingen har sett ¬ei snare for han? Sprett ei felle opp frå marka utan at ho har fanga noko?
6
Gjallar vel hornet i ein by utan at folket skjelv av redsle? Eller hender det ei ulukke ¬i byen utan at Herren har gjort det?
7
For Herren Gud gjer ikkje noko utan at han har openberra ¬sitt råd for tenarane sine, profetane.
8
Når løva brøler, kven må ikkje reddast då? Når Herren Gud har tala, kven må ikkje då ¬tala profetord?
9
Rop ut over borgene i Asjdod, over slotta i Egypt, og sei: Kom saman på Samaria-fjella! Sjå redsla og rådløysa i byen og den valdsferd som der rår!
10
Dei har ikkje vit ¬til å gjera det rette, lyder ordet frå Herren, dei dyngjer opp vald og ran ¬i sine slott.
11
Difor seier Herren Gud: Fiendar skal kringsetja landet, di sterke festning ¬skal rivast ned, og borgene skal plyndrast.
12
Så seier Herren: Som når ein gjætar bergar ut or løvegapet to leggbein eller ein øyrelapp, så skal israelittane verta berga, dei som sit i sofakroken ¬i Samaria og på divanar i Damaskus.
13
Høyr og vitna mot Jakobs ætt! lyder ordet frå Herren Gud, ¬Allhærs Gud.
14
Den dagen eg krev Israel ¬til rekneskap for syndene deira, lèt eg straffa koma ¬over altara i Betel. Då vert altarhorna avhogne og fell til jorda.
15
Då knuser eg både vinterhus og sommarhus. Elfenbeinshusa vert ¬øydelagde, og mange bygningar sig i røys, lyder ordet frå Herren.
← Chapter 2
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 4 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9