bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Amos 5
Amos 5
Norwegian N 78 NN
← Chapter 4
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 6 →
1
Høyr dette ordet, ¬Israels ætt, ein klagesong ¬som eg syng om deg!
2
Ho er fallen ¬og reiser seg aldri meir, Israel, den unge møy. Ho ligg der ¬bortslengd på si jord, og ingen reiser henne opp.
3
For så seier Herren Gud: Den byen som sender ut ¬tusen mann, får berre hundre att, og den som sender ut ¬hundre mann, får berre ti att – i Israels ætt.
4
Så seier Herren til Israels ætt: Søk meg, så skal de leva!
5
Søk ikkje til Betel, kom ikkje til Gilgal, og far ikkje over til Be’er-Sjeba! For folket i Gilgal ¬skal førast bort, Betel skal verta ¬uhyggjeleg audt.
6
Søk Herren, så skal de leva! Elles kjem han som eld ¬over Josefs ætt; elden øyder, og det er ingen i Betel ¬til å sløkkja.
7
Dei gjer retten om til malurt og kastar rettferda til jorda.
8
Han som skapte Sjustjerna ¬og Orion, han som gjer stummande ¬mørker til morgon og dagen til svarte natt, han som kallar på vatnet ¬i havet og auser det ut over jorda – Herren er hans namn.
9
Han lèt undergang lyna ¬over borger, lèt festningar siga i røys.
10
Dei hatar menn ¬som hevdar retten på tinget, og styggjest ved dei ¬som talar sant.
11
De trakkar småkårsfolk ned og krev korn i avgift av dei. Difor skal de ikkje få bu i dei hus de har bygt ¬av tilhoggen stein, og ikkje få drikka vin frå dei herlege vingardar ¬de har planta.
12
For eg veit ¬at dykkar brot er mange og dykkar synder utan tal, de som forfylgjer ¬skuldlaust folk, lèt dykk kjøpa for pengar og driv fattigfolk bort ¬frå retten.
13
Difor teier den kloke ¬i denne tid; for ei vond tid er det.
14
Legg vinn på det gode ¬og ikkje det vonde, så de får leva! Då skal Herren, Allhærs Gud, vera med dykk, som de seier.
15
Hata det vonde ¬og elska det gode, hald retten høgt på tinget! Så vil kanskje Herren, ¬Allhærs Gud, vera nådig mot Josefs rest.
16
Difor seier Herren, Herren, Allhærs Gud: På alle torg skal lik-klage lyda, i alle gater skal dei ropa: «Ve!» Dei skal henta bonden ¬til syrgjehøgtid, senda bod på folk ¬som kan gråta og klaga.
17
I alle vingardar skal dei jamra når eg skrid fram ¬imellom dykk, seier Herren.
18
Ve dykk som lengtar ¬etter Herrens dag! Kva vil de med Herrens dag? Han er mørker og ikkje ljos.
19
Det er som når ein mann rømer frå ei løve ¬og møter ein bjørn; og kjem han heim ¬og stør handa til veggen, vert han biten av ein orm.
20
Ja, mørk er Herrens dag ¬og ikkje ljos, kolmørk er han og utan ljoske.
21
Eg hatar og styggjest ¬ved festane dykkar, stemnene dykkar ¬byd meg imot.
22
For om de ber fram brennoffer ¬eller grødeoffer, så bryr eg meg ikkje om dei. Og dykkar måltidsoffer ¬med gjøkalvkjøt ser eg ikkje på.
23
Lat meg sleppa ¬dine ståkande songar, eg vil ikkje høyra ¬ditt harpespel!
24
Lat retten vella fram som vatn, og rettferd lik bekker ¬som aldri turkar.
25
Bar de fram for meg slaktoffer ¬og grødeoffer dei førti åra i øydemarka, ¬du Israels ætt?
26
Og bar de Sakkut, ¬kongen dykkar, og Kevan, ¬stjerna åt guden dykkar, bileta som de har laga?
27
Eg fører dykk i fangenskap til landet bortanfor Damaskus, seier Herren – Allhærs Gud ¬er hans namn.
← Chapter 4
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 6 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9