bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Amos 4
Amos 4
Norwegian N 78 NN
← Chapter 3
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 5 →
1
Høyr dette ordet, ¬de Basan-kyr som bur på Samaria-fjellet! De trælkar småkårsfolk og knuser dei fattige. De seier til mennene dykkar: «Kom med vin, ¬så vi får drikka!»
2
Herren Gud har svore ¬ved sin heilagdom: Sjå, dagar kjem over dykk då de skal slepast bort ¬med hakar og dei siste av dykk ¬med fiskekrokar.
3
Ut gjennom murrivner ¬skal de fara, den eine etter den andre. De skal drivast bort ¬til Hermon, lyder ordet frå Herren.
4
Kom til Betel og synda, til Gilgal og synda til gagns! Ber fram slaktoffer ¬om morgonen og tiender den tredje dagen!
5
Lat røyken av syrt brød stiga opp som takkoffer, lys ut friviljug offer, ¬gjer det kjent! For så vil de ha det, ¬de Israels søner, lyder ordet frå Herren Gud.
6
Eg lét dykk gå med tom munn i alle byane dykkar og lét dykk vera utan brød alle stader der de budde. Men de vende ikkje om til meg, lyder ordet frå Herren.
7
Eg heldt regnet att for dykk då det endå var tre månader ¬til hausten. Eg lét det regna over éin by, men ikkje over ein annan. Eitt jordstykke fekk regn, eit anna fekk ikkje og turka ut.
8
Frå to, tre byar raga dei av stad til same by, ville drikka vatn, og fekk ikkje sløkkja torsten. Men de vende ikkje om til meg, lyder ordet frå Herren.
9
Eg slo dykk med kornbrann ¬og rust, eg turka ut hagane ¬og vingardane dykkar, og grashopper åt opp fikentre ¬og oliventre. Men de vende ikkje om til meg, lyder ordet frå Herren.
10
Eg sende pest mellom dykk ¬som i Egypt. Eg drap dykkar unggutar ¬med sverd, og hestane gav eg til hærfang. Eg lét teven frå krigsleiren stiga opp i nasen på dykk. Men de vende ikkje om til meg, lyder ordet frå Herren.
11
Eg sende øyding over dykk, som då Gud la Sodoma ¬og Gomorra i grus; de var som ein brand, ¬riven ut or elden. Men de vende ikkje om til meg, lyder ordet frå Herren.
12
Difor vil eg gjera så med deg, ¬Israel! Og fordi eg vil gjera det, så bu deg, Israel, ¬til å møta din Gud!
13
Sjå, han som lagar fjella ¬og skaper vinden, som gjer mennesket kjent ¬med sine tankar, han som gjer morgonroden ¬til mørker og fer fram ¬over høgdene på jorda – Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn.
← Chapter 3
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 5 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9