bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Amos 7
Amos 7
Norwegian N 78 NN
← Chapter 6
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 8 →
1
Dette synet ¬lét Herren Gud meg sjå: Han skapte grashopper då håa tok til å veksa; det var håa etter kongens slått.
2
Då dei hadde ete opp alt graset ¬i landet, sa eg: «Tilgjev, Herre Gud! Korleis kan Jakob berga livet, så liten som han er?»
3
Då endra Herren sitt forsett. «Det skal ikkje henda,» ¬sa Herren.
4
Dette synet ¬lét Herren Gud meg sjå: Herren Gud kalla elden til strid. Han slukte det store havdjupet og heldt på å eta opp landjorda.
5
Då sa eg: ¬«Hald opp, Herre Gud! Korleis kan Jakob berga livet, så liten som han er?»
6
Då endra Herren sitt forsett. «Heller ikkje det skal henda,» ¬sa Herren Gud.
7
Dette synet lét han meg sjå: Herren stod på ein mur, og i handa hadde han ¬eit blylodd.
8
Og Herren sa til meg: «Kva ser du, Amos?» Eg svara: «Eit blylodd.» Då sa Herren: ¬«No senkar eg loddet midt i Israel, folket mitt. Eg vil ikkje lenger ¬ha tol med det.
9
Isaks offerhaugar skal øydast, og Israels heilagdomar ¬siga i røys. Eg vil reisa meg med sverd ¬mot Jeroboams hus.»
10
Amasja, presten i Betel, sende bod til Jeroboam, kongen i Israel, med desse orda: «Amos har fått til ei samansverjing mot deg midt i Israel. Landet kan ikkje lenger halda ut alle dei orda han talar.
11
For Amos har sagt: Jeroboam skal døy for sverd, og israelittane skal førast bort som fangar frå sitt land.»
12
Sidan sa Amasja til Amos: «Gå din veg, du sjåar, kom deg av stad til Juda! Der kan du ha ditt levebrød, der kan du vera profet.
13
I Betel får du ikkje lenger tala profetord; for det er ein kongeleg heilagdom, ja, eit rikstempel.»
14
Då tok Amos til ords og sa til Amasja: Ikkje er eg profet ¬og ikkje profetsvein. Eg er gjætar ¬og dyrkar morbærfiken.
15
Men Herren tok meg bort ¬frå saueflokken, og Herren sa til meg: «Gå og ver profet for Israel, ¬mitt folk!»
16
Så høyr no Herrens ord: Du seier: «Tal ikkje profetord ¬mot Israel, og preik ikkje mot Isaks ætt!»
17
Difor seier Herren: Kona di skal driva utukt i byen, dine søner og døtrer ¬skal falla for sverd, di jord skal mælast ut til andre, du sjølv skal døy ¬på urein grunn, og Israel skal førast bort ¬frå sitt land.
← Chapter 6
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 8 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9