bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Deuteronomy 13
Deuteronomy 13
Norwegian N 78 NN
← Chapter 12
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 14 →
1
Det kan henda at det står fram ein profet mellom dykk eller ein som har draumsyner, og lovar deg eit teikn eller under.
2
Og går det som han spår, og han samstundes seier: «Kom, lat oss halda oss til andre gudar, som de ikkje kjenner, og dyrka dei»,
3
då skal du ikkje høyra på det som ein slik profet eller draumsjåar seier. For Herren dykkar Gud vil berre prøva dykk og sjå om de elskar Herren dykkar Gud av heile dykkar hjarta og heile dykkar hug.
4
Herren dykkar Gud skal de fylgja, og han skal de ottast. Hans bod skal de halda, og hans ord skal de lyda; han skal de tena og halda dykk til.
5
Men profeten eller draumsjåaren skal drepast fordi han lokka dykk til fråfall frå Herren dykkar Gud, som førte deg ut or Egypt og løyste deg or trælehuset, og fordi han ville få deg bort frå den vegen som Herren din Gud har sagt at du skal gå. Såleis skal du rydja ut det vonde hjå deg.
6
Det kan henda at bror din, som har same mor som du, eller son din eller dotter di, eller kona di som du tek i famn, eller venen din som du har så kjær som ditt eige liv, lokkar deg i løynd og seier: «Lat oss gå av og dyrka andre gudar!» – gudar som korkje du eller fedrane dine har kjent,
7
gudar som folka rundt ikring dykk dyrkar, anten nær ved eller langt borte, frå den eine enden av jorda til den andre.
8
Då skal du ikkje gjera han til viljes og ikkje lyda han. Du skal ikkje ha medkjensle med han, ikkje spara han og ikkje halda di hand over han.
9
Men du skal ta livet av han. Sjølv skal du vera den fyrste som lyfter handa mot han, og sidan skal heile folket gjera det same.
10
Du skal steina han i hel, fordi han prøvde å lokka deg bort frå Herren din Gud, som førte deg ut or Egypt, or trælehuset.
11
Og heile Israel skal høyra om det og reddast, så dei aldri meir gjer så stygg ei gjerning mellom dykk.
12
Det kan henda du høyrer einkvan seia om ein av dei byane Herren din Gud gjev deg til å bu i,
13
at det har stige fram gudlause menn mellom dykk og lokka folket i byen med slike ord: «Lat oss gå bort og dyrka andre gudar» – gudar som de ikkje kjenner.
14
Då skal du granska saka vel, røkja etter og spørja deg føre. Syner det seg då at eit slikt skjemdarverk verkeleg er gjort hjå deg,
15
skal du hogga ned folket i den byen med sverd. Du skal bannstøyta han og alt som i han er. Jamvel buskapen skal du hogga ned med sverd.
16
Alt hærfanget som er teke der, skal du samla midt på torget. Og du skal brenna byen og hærfanget som eit heiloffer til Herren din Gud. Sidan skal byen liggja i røys og aldri byggjast opp att.
17
Du må ikkje halda på eit grann av det som er bannlyst. Då skal Herren la sin brennande vreide fara og syna deg medkjensle. Og i si medkjensle skal han auka ætta di, som han med eid lova fedrane dine,
18
så sant du lyder Herren din Gud og held alle boda hans som eg gjev deg i dag, og gjer det som rett er i hans augo.
← Chapter 12
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 14 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34