bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Deuteronomy 17
Deuteronomy 17
Norwegian N 78 NN
← Chapter 16
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 18 →
1
Du skal ikkje ofra til Herren din Gud oksar eller sauer som har lyte eller mein. Det er ein styggedom for Herren din Gud.
2
Finst det mellom dykk, i nokon av dei byane Herren din Gud gjev deg, ein mann eller ei kvinne som gjer det Herren mislikar, og bryt pakta hans,
3
ein som i strid med det eg har sagt, går bort og dyrkar andre gudar, bøyer seg og tilbed dei eller sola eller månen eller heile himmelhæren,
4
og dette vert sagt deg, og du får høyra om det, då skal du granska saka vel. Syner det seg at eit slikt skjemdarverk verkeleg er gjort i Israel,
5
skal den som har gjort brotet, anten det er mann eller kvinne, førast ut til byporten og steinast i hel.
6
Etter to eller tre manns vitnemål skal dødsdomen fullførast. Etter éin manns vitnemål skal ingen lata livet.
7
Vitna skal vera dei fyrste som lyfter handa for å drepa, og sidan skal heile folket gjera det same. Såleis skal du rydja ut det vonde hjå deg.
8
Når ei sak er så vanskeleg at du ikkje kan døma i henne, anten det gjeld drap eller tvistemål eller lekamsskade eller andre ting som det er strid om i byane dine, skal du ta ut og fara opp til den staden Herren din Gud vel seg ut.
9
Der skal du gå til levittprestane og til han som er domar på den tida, og spørja dei til råds. Dei skal fortelja deg kva dom som skal fellast.
10
Og du skal retta deg etter det dei seier på den staden Herren vel seg ut. I eitt og alt skal du gjera som dei lærer deg.
11
Den rettleiinga dei gjev deg, og den domen dei seier deg, skal du halda deg etter. Du må ikkje vika av frå det dei seier, korkje til høgre eller venstre.
12
Den mannen som er så vørdlaus at han ikkje høyrer på presten som står og gjer teneste for Herren din Gud, eller på domaren, han skal lata livet. Såleis skal du rydja det vonde ut or Israel.
13
Heile folket skal høyra om det og reddast, så dei aldri meir vågar å gjera noko så vørdlaust.
14
Når du kjem inn i det landet Herren din Gud gjev deg, legg det under deg og buset deg der, og du så seier: «Eg vil ha ein konge over meg liksom alle folka rundt ikring meg»,
15
då skal du setja den mannen som Herren din Gud vel ut, til konge over deg. Ein av landsmennene dine skal du ta til konge. Du må ikkje ta ein utlending, ein som ikkje er landsmannen din.
16
Men kongen må ikkje halda mange hestar og ikkje senda folket sitt tilbake til Egypt, så han kan få seg fleire hestar. Herren har då sagt at de ikkje meir skal fara den vegen.
17
Kongen skal heller ikkje ta seg mange koner, så han vert lokka til fråfall, og han må ikkje samla seg sølv og gull i mengd.
18
Når han set seg i kongsstolen, skal han få ei avskrift av denne lova frå levittprestane; ho skal vera skriven i ein bokrull.
19
Den skal han ha hjå seg og lesa i alle sine levedagar, så han kan læra å ottast Herren sin Gud. Og han skal akta på alle bod og føresegner i denne lova og leva etter dei,
20
så han ikkje i hovmod set seg over landsmennene sine og ikkje vik av frå bodet, korkje til høgre eller venstre. Då skal han og etterkomarane hans ha kongsmakta i Israel i lange tider.
← Chapter 16
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 18 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34