bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Deuteronomy 3
Deuteronomy 3
Norwegian N 78 NN
← Chapter 2
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 4 →
1
Så tok vi ei anna lei og fór oppover på vegen til Basan. Ved Edre’i kom Og, kongen i Basan, med heile hæren sin og ville strida mot oss.
2
Men Herren sa til meg: «Ver ikkje redd han! Eg gjev både han og heile hæren hans og landet hans i dine hender. Du skal gjera med han som du gjorde med amorittkongen Sihon, som budde i Hesjbon.»
3
Så gav Herren vår Gud Og, kongen i Basan, og heile hæren hans i våre hender. Vi hogg dei ned; ingen vart att, og ingen slapp unna.
4
Den gongen tok vi alle byane hans; det fanst ikkje ein by som vi ikkje tok frå dei. Seksti byar var det, heile Argob-landet, riket åt Og i Basan.
5
Alle desse var festningsbyar med høge murar og med portar og bommar. Dessutan tok vi ei stor mengd med landsbyar.
6
Vi bannstøytte dei, som vi hadde gjort med Sihon, kongen i Hesjbon. Kvar einaste by bannstøytte vi, både menn, kvinner og born.
7
Men alt bufeet og hærfanget frå byane tok vi med oss.
8
Såleis tok vi den gongen landet frå dei to amorittkongane austanfor Jordan, frå Arnon-elva til Hermon-fjellet.
9
Det er det fjellet som folket i Sidon kallar Sirjon og amorittane Senir.
10
Vi tok alle byane på sletta, heile Gilead og heile Basan radt til Salka og Edre’i, to byar i riket åt Og i Basan.
11
Kong Og i Basan var den siste av refaittane som var att. Kista hans står, som alle veit, i Rabba i Ammon. Ho er av jern og er ni alner lang og fire alner brei etter vanleg alnemål.
12
Då vi tok dette landet, gav eg bygdene frå Aroer ved Arnon-dalen og halvparten av fjell-landet i Gilead med byane der til Rubens-ætta og Gads-ætta.
13
Det som var att av Gilead og heile Basan, riket åt Og, heile Argob-landet, gav eg til den eine halvparten av Manasse-ætta. Heile dette Basan-riket kalla dei refaittlandet.
14
Ja’ir, son til Manasse, tok heile Argob-landet, radt til grensa mot gesjurittane og ma’akatittane. Han gav Basan namn etter seg sjølv og kalla det Ja’irs teltbyar, og så har det heitt til denne dag.
15
Gilead lét eg Makir få,
16
og Rubens-ætta og Gads-ætta gav eg landet frå Gilead til Arnon-dalen, såleis at grensa gjekk midt i elva, til Jabbok-elva, som er grense mot ammonittane,
17
og Araba-sletta med Jordan som grense frå Gennesaret-sjøen til Araba-sjøen, det er Saltsjøen, og Pisga-liene i aust.
18
Då sa eg til dykk: «Herren dykkar Gud har late dykk ta dette landet i eige. Bu dykk no, alle våpenføre menn, og far føre brørne dykkar, israelittane!
19
Berre kvinner og born og husdyr – for eg veit at de har mykje fe – skal vera att i dei byane eg har gjeve dykk.
20
Men når Herren har late brørne dykkar koma til ro liksom de, og dei òg har teke det landet som Herren dykkar Gud gjev dei vestanfor Jordan, kan de fara heim att, kvar til sin eigedom, som eg har gjeve dykk.»
21
Den gongen sa eg til Josva: «Med eigne augo har du sett alt det som Herren dykkar Gud gjorde med desse to kongane. Det same vil Herren gjera med alle dei kongerika du no er på veg til.
22
Ver ikkje redd dei! For Herren dykkar Gud vil sjølv strida for dykk.»
23
Den gongen bad eg inderleg til Herren:
24
«Herre vår Gud, frå fyrste stund har du late tenaren din sjå ditt velde og di sterke hand. Kvar finst det ein gud i himmelen eller på jorda som kan gjera slike gjerningar og storverk som du?
25
Lat meg få koma over og sjå det gode landet på hi sida av Jordan, dette fagre fjell-landet og Libanon!»
26
Men Herren var harm på meg for dykkar skuld og ville ikkje høyra på meg. «Det er nok,» sa han. «Tal ikkje til meg om dette meir!
27
Gå opp på toppen av Pisga-fjellet og vend augo dine mot vest og nord og sør og aust og sjå deg ikring! For du skal aldri koma over Jordan.
28
Gjev oppdraget til Josva og gjer han djerv og sterk! For han skal føra dette folket over og hjelpa dei til å vinna det landet som du no får sjå.»
29
Så gav vi oss til der i dalen, midt for Bet-Peor.
← Chapter 2
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 4 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34