bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Ecclesiastes 1
Ecclesiastes 1
Norwegian N 78 NN
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 2 →
1
Ord av Forkynnaren, son til David, konge i Jerusalem.
2
Berre fåfengd, ¬seier Forkynnaren, berre ideleg fåfengd!
3
Kva vinning har mennesket ¬av alt sitt strev, som det møder seg med ¬under sola?
4
Ætter går, og ætter kjem, men jorda står alltid ved lag.
5
Sola renn, og sola glader, så skundar ho seg attende til staden der ho går opp.
6
Vinden blæs mot sør, så snur han mot nord; støtt snur og skifter han og tek atter til ¬på same rundgang.
7
Alle elvar renn ut i havet, men havet vert ikkje fullt; dit elvane før har runne, held dei fram med å renna.
8
Mannen trøytnar av å tala og får ikkje sagt det han vil. Auga vert ikkje mett av å sjå, og øyra får aldri nok ¬av å høyra.
9
Det som var, skal alltid vera, og det som hende, ¬skal atter henda. Det finst ingenting nytt ¬under sola.
10
Vert det sagt om eitkvart: ¬«Sjå, dette er nytt», har det likevel funnest før, alt ifrå eldgamal tid.
11
Ingen tenkjer på ætter ¬som var; og ætter som ein gong kjem, vil heller ikkje leva i minnet hjå dei som sidan fylgjer.
12
Eg, Forkynnaren, var konge over Israel, i Jerusalem.
13
Eg sette meg føre å granska og ransaka med visdom alt det som hender ¬under himmelen. Det er eit plagsamt strev Gud har gjeve menneska.
14
Eg såg på alt det som hender, og det som vert gjort ¬under sola. Sjå, alt er fåfengd ¬og jag etter vind.
15
Det som er kroket, ¬kan ikkje beinkast, og det som vantar, ¬kan ikkje teljast.
16
Eg tenkte med meg: Sjå, eg har fått større ¬og rikare visdom enn alle dei som har styrt i Jerusalem før meg. Mykje har eg røynt ¬av visdom og kunnskap.
17
Eg la vinn på ¬å læra visdom å kjenna, å få kjennskap ¬til vitløyse og dårskap. Men eg fann at det òg ¬er jag etter vind.
18
For med stor visdom ¬fylgjer mange suter. Den som aukar sin kunnskap, ¬aukar si kvide.
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 2 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12