bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Ecclesiastes 6
Ecclesiastes 6
Norwegian N 78 NN
← Chapter 5
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 7 →
1
Ei ulukke har eg sett ¬under sola, ho kviler tungt på menneska:
2
Det hender ¬at Gud gjev ein mann både rikdom og gods og ære, så han ikkje vantar noko av alt det han ynskjer seg. Men Gud lèt han ikkje nyta ¬godt av det, ein framand et det opp. Det er meiningslaust, ¬beiskt og vondt.
3
Ein mann kan få hundre born og leva i mange år. Men har han ikkje glede ¬av alt det gode, kor lenge han lever, og får han heller ikkje ¬ei grav, då vil eg seia: «Eit ufullbore foster ¬er betre fare enn han.»
4
For det kjem livlaust ¬til verda, i mørker går det bort, og i mørker ¬får det namnet sitt løynt.
5
Det har ikkje sett dagsens ljos og kjenner ikkje sola. Likevel kviler det betre ¬enn han,
6
om han så hadde levt i to gonger tusen år, men ikkje fått røyna lukka. Fer ikkje alle til same staden?
7
Mennesket strevar berre ¬for maten, men det får aldri ¬stetta sin trong.
8
Kva føremon ¬har den vise framfor dåren? Kva hjelper det ein stakkar ¬å vita korleis han skal ferdast ¬i livet?
9
Det er betre å sjå ¬på det ein har, enn å gå der ¬med hug på noko anna. Det òg er fåfengd ¬og jag etter vind.
10
Alt som er til, er nemnt med namn ¬for lenge sidan; og det er føreåt kjent ¬kva eit menneske skal verta. Ingen kan føra sak mot den som er sterkare ¬enn han sjølv.
11
For di fleire ord, ¬di større fåfengd, og kva gagn har mennesket ¬av det?
12
Ja, kven veit kva som er best for menneska her i livet, alle dei fåfengde dagane dei lever som ein skugge? Kven kan fortelja menneska kva som skal henda etter dei ¬under sola?
← Chapter 5
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 7 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12