bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Ecclesiastes 10
Ecclesiastes 10
Norwegian N 78 NN
← Chapter 9
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 11 →
1
Når ein lagar salve, ¬kan daude fluger få oljen til å lukta og gjæra. Litt dårskap veg meir ¬enn visdom og ære.
2
Vismanns hug ¬står til det som er rett, dårens hug ¬til det som er rangt.
3
Jamvel når dåren ferdast ¬på gata, vantar han vit. Han lèt alle sjå ¬at han er dum.
4
Om styresmannen harmast ¬på deg, skal du ikkje gå frå din plass; for sinnsro ¬kan hindra store synder.
5
Ein uting har eg sett ¬under sola, eit mistak av den ¬som har makta:
6
at dårar kjem i høgsetet, medan rikfolk må sitja nedst.
7
Eg har sett trælar ¬ri på hestar, medan stormenn ¬gjekk til fots som trælar.
8
Den som grev ei grav, ¬kan sjølv detta nedi; den som riv ein mur, ¬kan ormen bita.
9
Den som bryt stein, ¬kan få mein av det. Den som høgg ved, ¬kan koma i fare.
10
Når øksa ikkje bit ¬og egga er uslipt, må ein bruka di større kraft. Den vise har større von ¬om å lukkast.
11
Når ein mann vert biten ¬av ein orm før maningsordet er sagt, kva gagn har han då ¬av si kunst?
12
Den vise vinn velvilje med orda han talar, men dårens lipper ¬skader han sjølv.
13
Dei fyrste ord frå hans munn ¬er dårskap, og det siste han seier, ¬er reine galskapen.
14
Dåren brukar mange ord; men ingen veit ¬kva som skal henda. Kven kan fortelja mannen kva som skal koma ¬når han er borte?
15
Dåren masar så han vert trøytt, han som ikkje eingong veit ¬vegen til byen.
16
Ve deg, land ¬som har eit barn til konge og stormenn som held gilde ¬frå morgonen av.
17
Sælt er du land som har ein høgætta konge og stormenn ¬som held måltid i rette tid, sterke menn som ikkje drikk.
18
Når latskapen rår, ¬sig bjelkane ned, og sit ein med hendene ¬i fanget, dryp det inn i huset.
19
Folk held gjestebod ¬for å moroa seg, og vinen gjev glede i livet. Alt dette kan ein få for pengar.
20
Ikkje eingong i tankane skal du forbanna kongen. Jamvel ikkje i ditt soverom må du forbanna den rike. For himmelens fuglar ¬ber lyden av stad, dei som har venger, ¬fortel kva du har sagt.
← Chapter 9
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 11 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12