bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Ecclesiastes 9
Ecclesiastes 9
Norwegian N 78 NN
← Chapter 8
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 10 →
1
Ja, alt dette ¬la eg meg på hjarta, ville prøva ¬om rettferdige og vise og det dei gjer, ¬er i Guds hand. Inkje menneske kan vita noko om det som ligg framføre, om det er kjærleik eller hat.
2
Same lagnaden får dei alle, både rettferdige og vonde, den gode og reine ¬og den som er urein, den som ofrar, ¬og den som ikkje ofrar. Sameleis går det den gode ¬og syndaren, sameleis den som sver, og den som er redd for å sverja.
3
Det er det vonde med alt ¬som hender under sola, at alle får same lagnaden. Så lenge menneska lever, er hjarta deira fullt ¬av vondskap og vitløyse. Og sidan må dei fara ¬til dei døde.
4
Det er von for den ¬som høyrer til mellom alle dei levande. Betre å vera ¬ein levande hund enn ei daud løve.
5
Dei levande veit ¬at dei skal døy, men dei døde ¬veit ingen ting. Dei får ikkje lenger løn, for minnet om dei er gløymt.
6
Deira kjærleik og hat ¬og misunning er ende for lenge sidan. Aldri i æve skal dei få del i alt det ¬som hender under sola.
7
Så gå og et ditt brød ¬med glede, og drikk din vin ¬med godt mot! Gud har då for lenge sidan samtykt i det du gjer.
8
Lat kleda dine ¬støtt vera kvite, og lat det aldri ¬vanta olje på hovudet!
9
Nyt livet med den kvinna ¬du elskar, alle dagar i ditt fåfengde liv som Gud har gjeve deg ¬under sola. For det er din lut i livet midt i alt det strev og slit som du har under sola.
10
Alt det du kan gjera ¬med di hand, skal du gjera etter beste evne. For i dødsriket, ¬som du går til, er det korkje arbeid ¬eller plan, korkje kunnskap eller visdom.
11
Elles såg eg under sola: Det er ikkje dei lettføtte ¬som vinn laupet, og ikkje dei djerve ¬som sigrar i krig; dei vise får heller ikkje brød, dei vituge vert ikkje rike, og dei som kan noko, ¬finn ikkje velvilje. Tid og lagnad ¬møter dei alle.
12
For mennesket ¬kjenner ikkje si tid. Liksom fisk som er fanga ¬i det vonde garnet, eller fugl som har gått i snara, såleis vert menneska fanga ¬i ei vond tid, når ulukka ¬brått kjem over dei.
13
Eg har òg sett ¬korleis det går med visdomen her under sola, endå eg tykte han var så stor:
14
Det var ein liten by, og der budde nokre få menn. Så kom det ein mektig konge ¬mot han. Han kringsette byen og bygde store vollar mot han.
15
Det fanst der i byen ein mann som var fattig, ¬men vis. Han kunne berga byen ¬med sin visdom, men ikkje eit menneske tenkte på denne fattige mannen.
16
Då sa eg: Visdom er betre enn styrke; men folk vanvørder ¬fattigmanns visdom, og ingen høyrer ¬på det han seier.
17
Ord av vismenn ¬som høyrest i ro, er betre enn hovdings rop ¬mellom dårar.
18
Visdom er betre ¬enn krigsvåpen, men ein syndar ¬kan øydeleggja mykje godt.
← Chapter 8
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 10 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12