bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Numbers 2
Numbers 2
Norwegian N 78 NN
← Chapter 1
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 3 →
1
Herren sa til Moses og Aron:
2
Israelittane skal liggja i leir, kvar under si fane og sitt ættemerke. Leiren skal vera kring møteteltet, eit stykke frå det.
3
På framsida, mot aust, skal Juda-hæren liggja, flokk for flokk. Naksjon, son til Amminadab, er hovding over Juda-sønene,
4
og 74 600 er mønstra i fylkinga hans.
5
Attmed dei skal Jissakars-ætta liggja. Netanel, son til Suar, er hovding over Jissakars-sønene,
6
og 54 400 er mønstra i fylkinga hans.
7
Så kjem Sebulons-ætta. Eliab, son til Helon, er hovding over Sebulons-sønene,
8
og 57 400 er mønstra i fylkinga hans.
9
Dei som er mønstra i Juda-hæren, flokk for flokk, er 186 400. Det er den fyrste fylkinga som skal ta ut.
10
Mot sør skal Rubens-hæren liggja, flokk for flokk. Elisur, son til Sjede’ur, er hovding over Rubens-sønene,
11
og 46 500 er mønstra i fylkinga hans.
12
Attmed dei skal Simeons-ætta liggja. Sjelumiel, son til Surisjaddai, er hovding over Simeons-sønene,
13
og 59 300 er mønstra i fylkinga hans.
14
Så kjem Gads-ætta. Eljasaf, son til De’uel, er hovding over Gads-sønene,
15
og 45 650 er mønstra i fylkinga hans.
16
Dei som er mønstra i Rubens-hæren, flokk for flokk, er i alt 151 450. Det er den andre fylkinga som skal ta ut.
17
Så skal levitt-hæren, midt imellom dei andre, ta ut med møteteltet. Etter som dei har lege i leir, skal dei fara i veg, kvar mann på sin stad og under si fane.
18
Mot vest skal Efraims-hæren liggja, flokk for flokk. Elisjama, son til Ammihud, er hovding over Efraims-sønene,
19
og 40 500 er mønstra i fylkinga hans.
20
Attmed dei kjem Manasse-ætta. Gamliel, son til Pedasur, er hovding over Manasse-sønene,
21
og 32 200 er mønstra i fylkinga hans.
22
Så kjem Benjamins-ætta. Abidan, son til Gidoni, er hovding over Benjamins-sønene,
23
og 35 400 er mønstra i fylkinga hans.
24
Dei som er mønstra i Efraims-hæren, flokk for flokk, er i alt 108 100. Det er den tredje fylkinga som skal ta ut.
25
Mot nord skal Dans-hæren liggja, flokk for flokk. Akieser, son til Ammisjaddai, er hovding over Dans-sønene,
26
og 62 700 er mønstra i fylkinga hans.
27
Attmed dei skal Asjers-ætta liggja. Pagiel, son til Okran, er hovding over Asjers-sønene,
28
og 41 500 er mønstra i fylkinga hans.
29
Så kjem Naftali-ætta. Akira, son til Enan, er hovding over Naftali-sønene,
30
og 53 400 er mønstra i fylkinga hans.
31
Dei som er mønstra i Dans-hæren, er i alt 157 600. Det er den siste fylkinga som skal ta ut, under fanene sine.
32
Dette var dei israelittane som vart mønstra, kvar i si ættgrein. Talet på alle dei som vart mønstra i hærane, flokk for flokk, var 603 550.
33
Levittane vart ikkje mønstra saman med dei andre israelittane. Som Herren hadde sagt Moses føre,
34
så gjorde israelittane. Dei slo leir, kvar under si fane, og dei tok i veg, kvar i si ætt og si ættgrein, heilt og fullt som Herren hadde sagt Moses føre.
← Chapter 1
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 3 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36