bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Numbers 25
Numbers 25
Norwegian N 78 NN
← Chapter 24
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 26 →
1
Medan israelittane heldt til i Sjittim, tok dei til å driva utukt med moabittkvinner,
2
som bad folket til offerfest for gudane sine. Folket var med på måltida og kasta seg ned for gudane deira;
3
israelittane heldt seg til Ba’al-Peor. Då vart Herren brennande harm på dei,
4
og han sa til Moses: «Ta alle leiarane i folket og heng dei opp på ein stokk for Herren under open himmel! Så vil Herrens brennande vreide venda seg bort frå Israel.»
5
Moses sa til styresmennene i Israel: «Kvar av dykk skal drepa dei av mennene sine som har halde seg til Ba’al-Peor.»
6
Best det var, kom ein israelitt med ei kvinne frå Midjan. Han førte henne inn mellom landsmennene sine, midt for augo på Moses og heile Israels-lyden, der dei sat og gret attmed møteteltdøra.
7
Då Pinhas, som var son til presten Elasar og soneson til Aron, såg det, reiste han seg, steig fram or flokken og treiv eit spyd.
8
Så fylgde han etter israelitten inn i soveromet og rende spydet gjennom dei begge, både israelitten og kvinna, så det gjekk inn i livet hennar. Då stogga pesten som herja mellom israelittane.
9
Men tjuefire tusen hadde mist livet i pesten.
10
Herren sa til Moses:
11
«Pinhas, son til presten Elasar og soneson til Aron, har vendt harmen min bort frå israelittane, fordi han synte sin brennhug for meg mellom dei. Difor ville eg ikkje vera så streng at eg gjorde ende på dei.
12
Av den grunn skal du seia: Eg gjer ei venskapspakt med han.
13
Han og ætta hans etter han skal ha ein evig rett til å vera prestar, fordi han var brennhuga for Gud og gjorde soning for israelittane.»
14
Namnet på den israelitten som vart drepen, han som vart stukken ned saman med midjanittkvinna, var Simri, son til Salu, ein av hovdingane i Simeons-ætta.
15
Og den drepne midjanittkvinna heitte Kosbi; ho var dotter til Sur, som var hovding over ei av ættene i Midjan.
16
Sidan sa Herren til Moses:
17
«De skal gå til strid mot midjanittane og slå dei ned.
18
For dei gjekk til strid og bruka list mot dykk, då det hende dette med Peor og med Kosbi, dotter til midjanitthovdingen, ho som vart drepen den gongen pesten herja etter hendinga med Peor.»
19
Då pesten var over,
← Chapter 24
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 26 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36