bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Numbers 28
Numbers 28
Norwegian N 78 NN
← Chapter 27
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 29 →
1
Herren sa til Moses:
2
Gjev israelittane dette påbodet: Til fastsett tid må de syta for å bera fram for meg offergåvene mine av mat, eldoffer som angar godt for meg.
3
Sei til dei: Dette er det eldofferet som de skal bera fram for Herren kvar dag: to årsgamle, lytelause lam. Det er det daglege brennofferet.
4
Det eine lammet skal du ofra om morgonen og det andre om kvelden, straks etter soleglad.
5
Som grødeoffer skal du bera fram ein tiandedels efa kveitemjøl, blanda med ein fjerdedels hin olje av knust oliven.
6
Dette er det daglege brennofferet, som fyrst vart frambore ved Sinai-fjellet, eit eldoffer til godange for Herren.
7
Drikkofferet som høyrer til det fyrste lammet, skal vera ein fjerdedels hin, eit offer av sterk drikk, som du ber fram for Herren i heilagdomen.
8
Det andre lammet skal du ofra om kvelden, straks etter soleglad, og det same grødeofferet og drikkofferet som om morgonen. Det skal vera eit eldoffer som angar godt for Herren.
9
På sabbatsdagen skal du ofra to årsgamle, lytelause lam, som grødeoffer to tiandedels efa kveitemjøl, blanda med olje, og drikkofferet som høyrer til.
10
Dette er det serskilde brennofferet som skal berast fram kvar sabbat, attåt det daglege brennofferet og drikkofferet som høyrer til.
11
Den fyrste dagen i kvar månad skal de bera fram eit brennoffer for Herren: to unge oksar, ein ver og sju årsgamle, lytelause lam.
12
For kvar okse skal de bera fram eit grødeoffer på tre tiandedels efa kveitemjøl, blanda med olje, for den eine veren to tiandedels efa kveitemjøl, blanda med olje,
13
og for kvart lam ein tiandedels efa kveitemjøl, blanda med olje. Såleis skal brennofferet vera, eit eldoffer som angar godt for Herren.
14
Drikkoffera som høyrer til, skal vera ein halv hin vin for kvar okse, ein tredjedels hin for veren og ein fjerdedels hin for kvart lam. Dette er nymåne-brennofferet, som skal berast fram kvar nymånedag i året.
15
Ein bukk skal de òg ofra som syndoffer til Herren, attåt det daglege brennofferet og drikkofferet som høyrer til.
16
Den fjortande dagen i den fyrste månaden er det påskehelg for Herren.
17
Og frå den femtande dagen i same månaden er det høgtid; då skal de eta usyrt brød i sju dagar.
18
Den fyrste dagen skal de halda ei heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid.
19
Som brennoffer, eldoffer for Herren, skal de bera fram to unge oksar, ein ver og sju årsgamle lam; og dei må vera utan lyte.
20
Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl, blanda med olje, tre tiandedels efa for kvar okse, to tiandedels efa for veren
21
og ein tiandedels efa for kvart av dei sju lamma.
22
Ein bukk skal de bera fram som syndoffer til soning for dykk.
23
Dette skal de ofra attåt den delen av det daglege brennofferet som vert frambore om morgonen.
24
Slike offer skal de bera fram kvar av dei sju dagane. Det er eldoffermat som angar godt for Herren. Attåt det daglege brennofferet skal de bera det fram, med drikkofferet som høyrer til.
25
Den sjuande dagen skal det vera heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid.
26
På fyrstegrødedagen, når de høgtidar sjuvekehelga og ber fram for Herren offer av den nye grøda, skal det vera heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid.
27
De skal bera fram eit brennoffer til godange for Herren: to unge oksar, ein ver og sju årsgamle lam.
28
Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl, blanda med olje, tre tiandedels efa for kvar okse, to tiandedels efa for veren
29
og ein tiandedels efa for kvart av dei sju lamma.
30
Ein bukk skal de bera fram til soning for syndene dykkar.
31
Dette skal de ofra attåt det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til. Og dyra må vera utan lyte.
← Chapter 27
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 29 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36