bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Song of Solomon 1
Song of Solomon 1
Norwegian N 78 NN
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 2 →
1
Salomos høgsong.
2
Gjev han ville kyssa meg med kyss av sin munn! Din kjærleik er betre enn vin.
3
Ljuvleg er dåmen ¬av dine salvar; ein angande salve ¬er ditt namn, difor held møyane av deg.
4
Ta meg med! ¬Kom, lat oss springa! Kongen har ført meg ¬inn i sin kove. Vi vil fegnast ¬og gleda oss over deg og prisa din kjærleik ¬meir enn vin. Hugheilt elskar dei deg.
5
Svart er eg, men ven, de Jerusalems møyar, som Kedars tjeldbuer, som Salomos tjelddukar.
6
Sjå ikkje på at eg er så svart, at sola har brent meg. Sønene åt mor mi ¬harmast på meg, dei sette meg ¬til å vakta vingardane. Min eigen vingard ¬har eg ikkje vakta.
7
«Sei meg, ¬du som eg har så kjær, kvar gjæter du di hjord? Kvar lèt du henne kvila ¬ved middagstid? Kvi skal eg gå ¬som ei kvinne med slør der venene dine ¬gjæter si hjord?»
8
«Veit du det ikkje, du fagraste av kvinner, så fylg berre faret etter flokken, og lat dine kje få beita innmed hyrdingbuene!»
9
«Med folane for faraos vogner vil eg likna deg, min hugnad.
10
Vene er dine kinn, ¬prydde med band, og din hals med perler.
11
Lekkjer av gull skal vi laga deg og med sølvperler på.»
12
Ljuvleg angar ¬min nardussalve så lenge kongen er med i laget.
13
Min ven er lik myrrabunten som kviler ved min barm.
14
Min ven ¬er som ein blømande kvist på hennabusken ¬i En-Gedis hagar.
15
«Kor fager du er, min ven, ja, fager med augo som duer!»
16
«Kor fager du er, min ven, kor yndefull du er! Og vårt lægje ¬er grornæmt og grønt.
17
Sedrar er bjelkar i vårt hus, sypressar er tak og himling.»
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 2 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8