bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Song of Solomon 7
Song of Solomon 7
Norwegian N 78 NN
← Chapter 6
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 8 →
1
Kor fagert du skrid fram ¬i dine skor, du gjæve hovdingdotter! Hoftene dine rundar seg ¬som ei sølje, smidd av kunstnarhand.
2
Fanget ditt ¬er som runde staupet, gjev det aldri må vanta vin! Magen er som ein kveitehaug med liljer ikring.
3
Barmen er som to rådyrkalvar, tvillingar til ei hind.
4
Halsen din ¬er som eit elfenbeinstårn, augo som Hesjbons tjørner ved Bat-Rabbim-porten. Nasen liknar Libanon-tårnet som skodar ut mot Damaskus.
5
Hovudet ris som Karmel, hårflaumen er som purpur. Ein konge er fanga ¬i dine lokkar.
6
Kor fager, kor yndefull du er, du mi kjære, du min hugnad!
7
Rakvaksen er du som palma, som druer er din barm.
8
Eg bed: ¬Lat meg stiga opp i palma, i greinene vil eg ta tak. Som druer på vintreet ¬vere din barm, din ande som angen av eple,
9
din munn som den finaste vin. «Lat han kveikja munnen ¬på min ven, lat han gli over lipper ¬og tenner!»
10
Eg høyrer venen min til, og til meg står heile hans trå.
11
Kom, min ven! ¬Lat oss gå ut på markene! Om natta vil vi sova ¬under hennabuskar.
12
I otta går vi til vingardane og ser om vintreet ¬har sett nye skot, om blomeknuppane ¬har opna seg, om granataplane blømer. Der vil eg gje deg min kjærleik.
13
Kjærleiksepla angar. Over vår dør ¬heng dei gildaste frukter av alle slag, nye og gamle. Til deg, min ven, ¬har eg gøymt dei.
← Chapter 6
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 8 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8