bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Song of Solomon 6
Song of Solomon 6
Norwegian N 78 NN
← Chapter 5
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 7 →
1
«Kvar er din ven faren, du fagraste av kvinner? Sei, kvar har din ven ¬teke vegen, så vi kan vera med deg ¬og leita.»
2
«Min ven gjekk ned ¬i hagen sin, til dei angande blomesenger. Han ville gjæta i hagane og sanka liljer der.
3
Min ven er min, og eg er hans, han som gjæter mellom liljer.»
4
Du er fager som Tirsa, ¬min hugnad, yndefull som Jerusalem, ageleg som ein hær ¬under merke.
5
Vend augo dine frå meg, dei villar meg. Ditt hår er som ein geiteflokk, dansande nedetter ¬Gileads fjell.
6
Dine tenner er som sauer, nett komne or laug. Tvillingar har dei alle, og ingen av dei ¬har mist sine lam.
7
Som ei skive av eit granateple er di panne attom sløret.
8
Seksti dronningar er der, åtti fylgjekoner og terner utan tal.
9
Men berre ei er mi due, mi lytelause, reine, einaste barnet til mor si, gullabarnet åt ho ¬som fødde henne. Møyar ser henne ¬og prisar henne sæl; dronningar og fylgjekoner ¬hyller henne.
10
«Kven er ho ¬som strålar lik ¬morgonroden, fager som fullmånen, ¬skir som sola og ageleg ¬som ein hær under merke?»
11
Eg gjekk ned i natahagen, ville sjå kor det grønkast ¬i dalen, om vintreet hadde sett ¬nye skot, om granataplane blømde.
12
Men før eg vardest, fylgde eg mine hugskot og steig opp ¬i min gjæve frendes vogn.
13
«Snu deg, snu deg, ¬du Sjulam-jente! Snu deg, snu deg, ¬så vi får sjå deg!» «Kvifor vil de sjå ¬på Sjulam-jenta når ho rekkjedansen trør?»
← Chapter 5
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 7 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8