bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Song of Solomon 4
Song of Solomon 4
Norwegian N 78 NN
← Chapter 3
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 5 →
1
Kor fager du er, ¬min hugnad! Kor fager du er! Dine augo attom sløret ¬er som duer. Ditt hår er som ein geiteflokk, dansande nedetter Gileads ¬fjell.
2
Dine tenner ¬er som nyklypte sauer, nett komne or laug. Tvillingar har dei alle, og ingen av dei ¬har mist sine lam.
3
Dine lipper ¬er som ei skarlaksnor, og yndefull er din munn. Som ei skive av eit granateple er di panne attom sløret.
4
Din hals er som Davids-tårnet, bygt til våpenhus. Tusen skjold heng der inne, alle er skjold åt kjemper.
5
Din barm ¬er som to rådyrkalvar, som tvillingar åt ei hind, beitande mellom liljer.
6
Når dagen svalnar ¬og skuggane flyr, går eg til myrraåsen, til haugen der røykjelse angar.
7
Alt hjå deg er fagert, ¬min hugnad. Det finst ikkje lyte på deg.
8
Kom med meg frå Libanon, ¬mi brur, kom med meg frå Libanon! Stig ned frå Amanas tind, frå toppen av Senir ¬og Hermon, frå løveheimar, frå panterfjell.
9
Du har fanga min hug, ¬mi syster, mi brur. Du har fanga min hug ¬med eit einaste augnekast, med ei av lekkjene om din hals.
10
Kor fager din kjærleik er, ¬mi syster, mi brur! Din kjærleik er betre enn vin, og angen av dine salvar meir ljuvleg enn balsam.
11
Av honning dryp dine lipper, ¬mi brur. Honning og mjølk ¬er under di tunge. Angen av kleda dine er som angen på Libanon.
12
Ein avstengd hage er mi syster, ¬mi brur, ein avstengd hage ¬med kjelda forsegla.
13
Dine lemer er som ein lund ¬av granataplar med den gildaste frukt, av hennabuskar ¬og nardusplanter,
14
nardus, krokus, kalmus ¬og kanel og angande tre av alle slag, myrra, aloë ¬og alle slag balsam.
15
Du er som kjelda i ein hage, ei oppkome ¬med sildrande vatn, som bekker frå Libanon.
16
«Vakna, nordavind! Kom, sønnavind! Blås igjennom min hage, så angen får strøyma fritt. Gjev min ven ville koma ¬til sin hage og eta hans herlege frukt!»
← Chapter 3
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 5 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8