bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Exodus 19
Exodus 19
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 18
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 20 →
1
Israelittane kom til Sinai-ørkenen i den tredje månaden etter utferda frå Egypt, på nymånedagen.
2
Dei braut opp frå Refidim og kom til Sinai-ørkenen. Israelittane slo leir der i ørkenen, dei slo leir framfor fjellet.
3
Moses gjekk opp til Gud. Då ropa HERREN til han frå fjellet: «Dette skal du seia til Jakobs hus og fortelja til israelittane:
4
De har sett kva eg gjorde med egyptarane, og korleis eg lyfte dykk på ørnevenger og bar dykk hit til meg.
5
Dersom de lyder mi røyst og held mi pakt, skal de vera min kostelege eigedom framfor alle andre folk; for heile jorda er mi.
6
De skal vera eit kongerike av prestar og eit heilagt folk for meg. Dette er dei orda du skal tala til israelittane.»
7
Då Moses kom tilbake, kalla han saman dei eldste i folket og la fram for dei alle dei orda som HERREN hadde pålagt han.
8
Og heile folket svara samrøystes: «Alt det HERREN har sagt, skal vi gjera.» Dette svaret bar Moses tilbake til HERREN.
9
Då sa HERREN til Moses: «Sjå, eg kjem til deg i ei tett sky, så folket kan høyra når eg talar med deg. Då vil dei stola på deg for alltid.» Moses fortalde HERREN kva folket hadde sagt.
10
HERREN sa til Moses: «Gå til folket. Du skal helga dei i dag og i morgon, og dei skal vaska kleda sine.
11
Den tredje dagen skal dei halda seg klare, for på den dagen skal HERREN stiga ned på Sinai-fjellet for auga på heile folket.
12
Du skal dra ei grense framfor folket og seia: Ta dykk i vare, så de ikkje går opp på fjellet eller rører ved foten av det! Kvar den som rører ved fjellet, skal døy.
13
Inga hand må røra han. Han skal steinast eller skytast. Anten det er eit dyr eller eit menneske, skal det ikkje få leva. Når det lyder ein lang hornstøyt, kan de gå opp på fjellet.»
14
Så gjekk Moses ned frå fjellet til folket. Han helga dei, og dei vaska kleda sine.
15
Han sa til folket: «Hald dykk klare den tredje dagen! Kom ikkje nær noka kvinne!»
16
Då det vart morgon tredje dagen, byrja det å torna og lyna. Ei tung sky la seg over fjellet, og det gjalla høgt frå bukkehorn. Alt folket i leiren skalv av redsle.
17
Men Moses førte folket ut frå leiren for å møta Gud, og dei stilte seg ved foten av fjellet.
18
Heile Sinai-fjellet stod i røyk fordi HERREN hadde stige ned på det i eld. Røyken steig opp som frå ein smelteomn, og heile fjellet skalv.
19
Lyden av bukkehorn vart sterkare og sterkare. Moses tala, og Gud svara han med høg røyst.
20
Då steig HERREN ned på toppen av Sinai-fjellet. HERREN kalla Moses opp til toppen av fjellet, og Moses gjekk opp.
21
HERREN sa til han: «Gå ned og åtvar folket, så dei ikkje trengjer seg fram til HERREN for å sjå! For då kjem mange av dei til å falla.
22
Jamvel prestane, som elles får stiga fram for HERREN, må helga seg, for at HERREN ikkje skal bryta inn blant dei.»
23
Då sa Moses til HERREN: «Folket kan ikkje gå opp på Sinai-fjellet, for du har sjølv åtvara oss og sagt: Dra ei grense rundt fjellet og lys det heilagt!»
24
HERREN sa til han: «Gå ned, og kom så opp att saman med Aron! Men prestane og folket må ikkje trengja seg fram for å gå opp til HERREN, for då bryt han inn blant dei.»
25
Då gjekk Moses ned til folket og sa det til dei.
← Chapter 18
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 20 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40