bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Exodus 33
Exodus 33
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 32
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 34 →
1
HERREN sa til Moses: «Dra bort herifrå, både du og folket du har ført opp frå Egypt, til det landet som eg med eid lova Abraham og Isak og Jakob då eg sa: Til di ætt vil eg gje det.
2
Eg vil senda ein engel framfor deg og driva ut kanaanearane, amorittane, hetittane, perisittane, hevittane og jebusittane.
3
Dra opp til det landet som fløymer med mjølk og honning! Men eg vil ikkje dra opp med deg, for du er eit stivnakka folk; elles kunne eg gjera ende på deg på vegen.»
4
Då folket høyrde desse harde orda, sørgde dei, og ingen tok smykke på seg.
5
Men HERREN sa til Moses: «Sei til israelittane: De er eit stivnakka folk. Om eg berre ein augneblink dreg opp saman med deg, måtte eg gjera ende på deg. Legg no smykka bort, så eg kan vita kva eg skal gjera med deg!»
6
Frå då av, ved fjellet Horeb, la israelittane bort smykka sine.
7
Moses brukte å ta teltet og slå det opp eit godt stykke utanfor leiren. Han kalla det teltheilagdomen. Alle som ville spørja HERREN til råds, gjekk til dette teltet utanfor leiren.
8
Kvar gong Moses gjekk ut til teltet, reiste heile folket seg og vart ståande ved inngangen til kvart sitt telt. Dei såg etter Moses til han var komen inn i teltet.
9
Og når Moses var komen inn i teltet, kom skysøyla ned og vart ståande ved inngangen til teltet, og han tala til Moses.
10
Når folket såg skysøyla stå ved inngangen til teltet, reiste dei seg alle saman, bøygde seg og tilbad, kvar ved si teltopning.
11
Så tala HERREN med Moses, andlet til andlet, slik som menneske snakkar med kvarandre. Sidan gjekk Moses tilbake til leiren. Men tenaren hans, ein ung gut som heitte Josva, son til Nun, gjekk aldri frå teltet.
12
Moses sa til HERREN: «Sjå, du seier at eg skal føra dette folket opp, men du lèt meg ikkje vita kven du vil senda med meg. Likevel har du sagt: Eg kjenner deg ved namn, og du har funne nåde for auga mine.
13
Er det slik at eg har funne nåde for auga dine, så syn meg no vegen din, så eg kan læra deg å kjenna og finna nåde hos deg. Kom i hug at dette er ditt folk!»
14
Han svara: «Andletet mitt skal gå med, og eg skal la deg få ro.»
15
Då sa Moses: «Dersom ikkje andletet ditt går med, må du ikkje føra oss opp herifrå!
16
Korleis kan ein elles vita at eg og folket ditt har funne nåde for auga dine, dersom du ikkje går med oss? Slik skal eg og folket ditt bli skilt ut frå alle andre folk på jorda.»
17
Då sa HERREN til Moses: «Også dette som du bed om, vil eg gjera, for du har funne nåde for auga mine, og eg kjenner deg ved namn.»
18
«Lat meg då få sjå herlegdomen din!» sa Moses.
19
Han svara: «Eg vil la all min godhug gå framom deg og ropa ut for deg namnet HERREN. For eg er nådig mot den eg viser nåde, og miskunnsam mot den eg viser miskunn.
20
Du kan ikkje få sjå andletet mitt», sa han; «for eit menneske kan ikkje sjå meg og leva.»
21
HERREN sa: «Sjå, her innved meg er det plass, still deg opp her på berget!
22
Når så herlegdomen min går framom, vil eg la deg stå i bergskòra, og eg vil dekkja deg med handflata til eg er komen forbi.
23
Så vil eg ta handa mi bort; då kan du sjå meg bakanfrå, men andletet mitt kan ingen sjå.»
← Chapter 32
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 34 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40