bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Exodus 24
Exodus 24
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 23
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 25 →
1
Gud sa til Moses: «Kom opp til HERREN, du og Aron, Nadab og Abihu og sytti av dei eldste i Israel! Medan de enno er langt borte, skal de kasta dykk ned og tilbe!
2
Berre Moses skal nærma seg HERREN, dei andre må ikkje koma nær. Og folket skal ikkje gå opp saman med han.»
3
Moses kom og kunngjorde alle HERRENS ord og forskrifter for folket. Då svara dei samrøystes: «Alt HERREN har sagt, vil vi gjera.»
4
Så skreiv Moses ned alle orda frå HERREN. Neste morgon stod han tidleg opp og bygde eit altar ved foten av fjellet og reiste tolv steinstøtter for Israels tolv stammar.
5
Han sende ut nokre unge israelittar for å bera fram brennoffer og slakta oksar som fredsoffer for HERREN.
6
Moses tok halvparten av blodet og helte det i skåler; den andre halvparten stenka han på altaret.
7
Så tok han paktboka og las henne høgt for folket, og dei sa: «Vi vil vera lydige og gjera alt HERREN har sagt.»
8
Då tok Moses blodet, stenka det på folket og sa: «Sjå, dette er paktblodet, den pakta HERREN har gjort med dykk på grunnlag av alle desse orda.»
9
Moses og Aron, Nadab og Abihu og sytti av dei eldste i Israel gjekk då opp
10
og fekk sjå Israels Gud. Under føtene hans var det som eit golv av safir, klårt som himmelen sjølv.
11
Men mot Israels fremste menn lyfte han ikkje handa. Dei skoda Gud, og dei åt og drakk.
12
Sidan sa HERREN til Moses: «Kom opp til meg på fjellet og bli der, så skal eg gje deg steintavlene, lova og boda som eg har skrive ned for å rettleia folket.»
13
Då drog Moses i veg med Josva, tenaren sin. Og Moses gjekk opp på Guds fjell.
14
Til dei eldste sa han: «Vent på oss her til vi kjem att! De har Aron og Hur hos dykk. Er det nokon som har ei sak, kan han gå til dei.»
15
Så gjekk Moses opp på fjellet, og skya dekte fjellet.
16
HERRENS herlegdom kvilte over Sinai-fjellet, og skya dekte det i seks dagar. Den sjuande dagen ropa Herren på Moses frå skya.
17
Israelittane såg HERRENS herlegdom som ein øydande eld på fjelltoppen.
18
Så gjekk Moses inn i skya og opp på fjellet. Og Moses vart verande på fjellet i førti dagar og førti netter.
← Chapter 23
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 25 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40