bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Exodus 20
Exodus 20
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 19
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 21 →
1
Gud tala alle desse orda:
2
Eg er HERREN din Gud, som førte deg ut frå Egypt, ut frå slavehuset.
3
Du skal ikkje ha andre gudar enn meg.
4
Du skal ikkje laga deg gudebilete, inga etterlikning av noko som er oppe i himmelen eller nede på jorda eller i vatnet under jorda.
5
Du skal ikkje tilbe dei og ikkje la deg lokka til å dyrka dei! For eg, HERREN din Gud, er ein nidkjær Gud som straffar borna i tredje og fjerde slektsledd for synda til fedrane når dei hatar meg,
6
men viser trufast kjærleik i tusen slektsledd mot dei som elskar meg og held boda mine.
7
Du skal ikkje misbruka namnet til HERREN din Gud, for HERREN lèt ikkje den gå fri som misbruker namnet hans.
8
Hugs på sabbatsdagen og hald han heilag.
9
Seks dagar skal du arbeida og gjera all di gjerning,
10
men den sjuande dagen er sabbat for HERREN din Gud. Då skal du ikkje gjera noko arbeid, korkje du eller son din eller dotter di, korkje slaven din eller slavekvinna di, korkje buskapen din eller innflyttaren som bur i byane dine.
11
For på seks dagar laga HERREN himmelen og jorda, havet og alt som er i dei; men den sjuande dagen kvilte han. Difor velsigna HERREN sabbatsdagen og helga han.
12
Du skal heidra far din og mor di, så du kan leva lenge i det landet HERREN din Gud gjev deg.
13
Du skal ikkje slå i hel.
14
Du skal ikkje bryta ekteskapet.
15
Du skal ikkje stela.
16
Du skal ikkje vitna falskt mot nesten din.
17
Du skal ikkje trå etter huset til nesten din. Du skal ikkje trå etter kona til nesten din, slaven eller slavekvinna hans, oksen eller eselet hans eller noko anna som høyrer nesten din til.
18
Heile folket var vitne til torebraka og lynglimta, lyden av bukkehorn og røyken frå fjellet. Folket såg det og skalv og vart ståande langt borte.
19
Dei sa til Moses: «Tal med oss du, så skal vi høyra! Men lat ikkje Gud tala med oss, for då kjem vi til å døy.»
20
Då sa Moses til folket: «Ver ikkje redde! Gud er komen for å setja dykk på prøve, og for at de skal frykta han så de ikkje syndar.»
21
Så vart folket ståande langt borte, medan Moses nærma seg den tette skodda der Gud var.
22
HERREN sa til Moses: Dette skal du seia til israelittane: De har sjølve sett at eg har tala med dykk frå himmelen.
23
De skal ikkje laga dykk nokon gud ved sida av meg. Gudar av sølv eller gull skal de ikkje laga dykk.
24
Eit altar av jord skal du laga for meg. På det skal du ofra brennoffera og fredsoffera dine og småfeet og storfeet ditt. Overalt der eg lèt namnet mitt nemnast, skal eg koma til deg og velsigna deg.
25
Men om du lagar eit steinaltar for meg, skal du ikkje byggja det av hoggen stein. For bruker du meisel på steinane, vanhelgar du dei.
26
Du skal ikkje gå opp til altaret mitt på trapper, så du ikkje skal koma til å blotta deg framfor det.
← Chapter 19
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 21 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40