bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Numbers 12
Numbers 12
Norwegian 1938
← Chapter 11
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 13 →
1
Ein gong tala Mirjam og Aron ille um Moses for den etiopkvinna skuld som han hadde teke til kona - for han hadde gift seg med ei etiopisk kvinna -
2
og dei sa: Er det berre Moses Herren hev tala med? Hev han ikkje tala med oss og? Og Herren høyrde det.
3
No var Moses ein mild og tolug mann, mildare enn alle menneske på jordi.
4
Men Herren sa brått til Moses og til Aron og til Mirjam: Gakk ut til møtetjeldet alle tri! So gjekk dei dit alle tri.
5
Og Herren kom ned i ein skystopul og stod i tjelddøri og ropa på Aron og Mirjam. Då gjekk dei ut båe tvo.
6
Og han sa: Lyd no etter ordi mine: Er det ein profet som de, so ter eg, Herren, meg for han i syner og talar med han i draumar.
7
Men so er det ikkje med Moses, tenaren min; han er tru i heile mitt hus.
8
Munn til munn talar eg med han, klårt og ikkje i gåtor, og han fær sjå Herrens skapnad. Korleis kunde de då våga å tala ille um Moses, tenaren min?
9
Og Herrens vreide loga upp imot dei, og han for burt.
10
Då skyi kvarv burt frå tjeldet, då var Mirjam spillsjuk og kvit som snø; med same Aron snudde seg mot henne, såg han at ho var spillsjuk.
11
Då sa han til Moses: Gode herre bror! Lat oss ikkje lida for ei synd me hev gjort i vår dårskap!
12
Lat henne ikkje vera som eit daudt foster, som er halvrote når det kjem ut or morslivet!
13
Då ropa Moses til Herren og sa: Å Gud, gjer henne god att!
14
Og Herren sa til Moses: Hadde far hennar sputta henne i andletet, laut ho då ikkje sitja med skam i sju dagar? No skal de stengja henne inne utanfor lægret i sju dagar, so kann dei taka henne inn att.
15
So heldt dei Mirjam innestengd utanfor lægret i sju dagar, og folket tok ikkje av stad fyrr dei hadde teke henne inn att.
16
Sidan tok folket ut frå Haserot og slo læger i Paranøydemarki.
← Chapter 11
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 13 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36