bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Numbers 19
Numbers 19
Norwegian 1938
← Chapter 18
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 20 →
1
Og Herren tala til Moses og Aron og sa:
2
Høyr no eit lovbod som Herren hev gjeve! Han sa: Seg til Israels-borni at dei skal koma til deg med ei raud kviga som ikkje hev lyte eller veila og aldri hev vore under åket.
3
Den skal de gjeva til Eleasar, presten, og han skal leida henne utanfor lægret, og dei skal slakta henne for augo hans.
4
Og Eleasar, presten, skal taka noko av blodet hennar på fingeren og skvetta sju gonger burt imot framsida av møtetjeldet.
5
So skal dei brenna kviga for augo hans; både hudi og kjøtet og blodet, og møki med skal dei brenna.
6
Og presten skal taka sedertre og isop og karmosinraud ull og kasta på elden som kviga brenn i.
7
Sidan skal han två klædi sine og lauga lekamen sin i vatn, so kann han koma inn i lægret; men han skal vera urein alt til kvelds.
8
Den som brende kviga, skal og två klædi sine og lauga lekamen sin i vatn og vera urein til kvelds.
9
Og ein mann som er rein, skal samla i hop oska av kviga og leggja henne på ein rein stad utanfor lægret, so ho kann gøymast åt Israels-lyden til reinsingsvatn; det er eit syndoffer.
10
Men den som samla oska av kviga, lyt två klædi sine og vera urein til kvelds. Og dette skal vera ei æveleg lov både for Israels-borni og dei framande som bur millom dei.
11
Den som kjem nær ein avliden, eit mannelik, skal vera urein sju dagar.
12
Den tridje og den sjuande dagen skal han reinsa seg for synd med vatn; so vert han rein att; men reinsar han seg ikkje den tridje og den sjuande dagen, so vert han ikkje rein.
13
Kven som kjem nær ein avliden, eit mannelik, og ikkje reinsar seg, han gjer Herrens tabernakel ureint og skal rydjast ut or Israel; av di det ikkje er skvett skiringsvatn på han, er han urein, det fylgjer ureinska med han.
14
So lyder lovi: Når ein døyr i eit tjeld, so skal alle som kjem inn i tjeldet, og alt som er i tjeldet, vera ureint i sju dagar.
15
Og alle opne koppar, alle som det ikkje er lok på eller bundne yver, vert ureine.
16
Og den som ute på marki kjem nær ein som er drepen med sverd, eller eit anna lik eller mannebein eller ei grav, skal vera urein i sju dagar.
17
Når dei vil reinsa ein som soleis er vorte urein, so skal dei taka noko av oska etter det uppbrende syndofferet og ausa rennande vatn på i eit fat.
18
Og ein mann som er rein, skal taka isop og duppa i vatnet og skvetta på huset og på alle dei ting og alle dei folk som var der, og på den som hev kome nær mannebein eller ein mann som er ihelslegen, eller eit anna lik eller ei grav.
19
Den tridje og den sjuande dagen skal dei reine skvetta på den som hev vorte urein; og når reinsingi er fullførd den sjuande dagen, skal han två klædi sine og lauga seg i vatn, og vert då rein att same kvelden.
20
Men den som vert urein og ikkje reinsar seg, han skal rydjast ut or lyden, for di han hev gjort Herrens heilagdom urein - det hev ikkje kome reinsingsvatn på han; han er urein.
21
Dette skal vera ei æveleg lov for dei. Den som skvettar reinsingsvatnet, skal tvo klædi sine, og den som kjem nær reinsingsvatnet, skal vera urein alt til kvelds.
22
Alt det den ureine kjem nær, vert ureint, og den som kjem innåt han, skal vera urein til kvelds.
← Chapter 18
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 20 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36