bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Numbers 30
Numbers 30
Norwegian 1938
← Chapter 29
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 31 →
1
Og Moses sa dette til Israels-borni, heiltupp soleis som Herren hadde sagt han fyre.
2
Sidan tala Moses til hovdingane yver Israels-ættene og sa: Høyr no eit anna bod som Herren hev gjeve:
3
Når ein mann gjev ein lovnad til Herren eller sver ein eid at han vil halda seg frå ymse ting, so skal han ikkje brjota ordet sitt; det han hev lova skal han halda.
4
Når ei ung kvinna som endå er heime hjå far sin, gjer ein lovnad til Herren og sver at ho vil halda seg ifrå ymse ting,
5
og far hennar fær høyra um lovnaden hennar og eiden ho hev bunde seg med, og tegjer til det, so skal det gjelda alt det ho hev lova, og kvar eid ho hev bunde seg med, skal gjelda.
6
Men dersom far hennar same dagen som han fær høyra um noko lovnad ho hev gjort, eller nokon eid ho hev bunde seg med, forbyd henne å halda sitt ord, so skal det vera um inkje, og Herren skal gjeva henne til, etter di det var faren som meinka henne.
7
Vert ho gift og hev ein lovnad på seg eller hev bunde seg med eit tankelaust ord,
8
og mannen hennar fær vita det, men ikkje segjer noko imot den dagen han fær høyra um det, då skal det gjelda det ho hev lova, og det ordet ho hev bunde seg med, skal gjelda.
9
Men dersom mannen hennar same dagen som han fær vita det, forbyd henne å halda sitt ord, so gjer han lovnaden ho hev på seg, um inkje, og like eins det tankelause ordet ho hev bunde seg med, og Herren skal gjeva henne til.
10
Hev ei enkja eller fråskild kona gjort ein lovnad og nemnt noko ho vil halda seg ifrå, so skal ho halda ord.
11
Dersom ei kona etter ho er gift, hev lova noko eller bunde seg med eid til å halda seg ifrå eitt eller anna,
12
og mannen hennar fær vita det, men tegjer og ikkje forbyd henne å halda sitt ord, so skal det gjelda alt det ho hev lova, og kvar eid ho hev bunde seg med, skal gjelda.
13
Men dersom mannen hennar gjer det um inkje same dagen som han fær høyra um det, so gjeld ikkje noko av dei ordi ho soleis hev slept av munnen, anten det er ein lovnad ho hev gjort, eller det er noko ho hev svore seg ifrå; mannen hennar hev gjort det um inkje, og Herren skal gjeva henne til.
14
Kvar lovnad ho hev gjort, og kvar eid ho hev svore um å halda seg ifrå eitt eller hitt og fasta, kann mannen hennar anten stadfesta eller gjera um inkje.
15
Tegjer han um det til andre dagen, so hev han stadfest alt det ho hev lova eller bunde seg til; han hev stadfest det, med di han tagde då han fekk vita det.
16
Men gjer han det fyrst um inkje ei tid etter han fekk høyra um det, so ber han ansvaret for brotet hennar.
17
Dette er dei fyresegnene Herren gav Moses um den retten ein mann hev yver kona si, og ein far yver dotter si so lenge ho er ung og endå heime hjå faren.
← Chapter 29
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 31 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36