bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Numbers 23
Numbers 23
Norwegian 1938
← Chapter 22
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 24 →
1
Då sa Bileam til Balak: Bygg sju altar for meg her, og få meg hit sju uksar og sju verar!
2
Balak gjorde som Bileam sa, og Balak og Bileam ofra ein ukse og ein ver på kvart altar.
3
So sa Bileam til Balak: Statt her innmed brennofferet ditt medan eg gjeng burt eit bel; kann henda Herren kjem til møtes med meg; kva han då let meg sjå, det skal eg segja med deg. So gjekk han upp på ei treberr høgd;
4
der kom Gud til møtes med han, og Bileam sa til han: No hev eg stelt til sju altar og ofra ein ukse og ein ver på kvart altar.
5
Då la Herren eit ord i munnen på han og sa: Gakk attende til Balak og tale so som eg no hev lært deg.
6
Då han kom attende, såg han Balak stod ved brennofferet sitt saman med alle Moabs hovdingar.
7
Då tok han til å kveda og sa: Or Aram Balak hit meg hentar, or austerfjelli Moab-kongen: Kom og banna Jakob for meg! Kom og lys vondt yver Israel!
8
Korleis kann eg banna den som ikkje Gud bannar? Korleis kann eg lysa vondt yver den som Herren ikkje lyser vondt yver?
9
For frå høgste nuten ser eg han, og frå haugane skoder eg han: Sjå det er eit folk som bur for seg sjølv, og millom heidningfolki reknar det seg ikkje.
10
Kven kann upprekna Jakobs ætt, tallaus som dusti, eller telja fjordeparten av Israel? Gjev eg fekk døy som desse gode og enda ferdi so som dei!
11
Då sa Balak til Bileam: Kva er det du gjer? Til å banna fiendane mine fekk eg deg hit, og so hev du velsigna dei!
12
Bileam svara: Lyt eg ikkje halda meg etter dei ordi som Herren legg meg i munnen?
13
Då sa Balak: Kjære, kom og ver med meg til ein annan stad, som du kann sjå dei frå - men du kjem berre til å få sjå enden av lægret; heile lægret fær du ikkje sjå - og banna dei for meg der!
14
So tok han Bileam med seg til speiarhaugen på toppen av Pisga; der bygde han sju altar og ofra ein ukse og ein ver på kvart altar.
15
Og Bileam sa til Balak: Statt her innmed brennofferet ditt; eg vil ganga der burt og sjå um eg fær ei openberring.
16
So kom Herren til møtes med Bileam og la eit ord i munnen hans og sa: So skal du tala når du kjem attende til Balak!
17
Då han kom attende, stod Balak endå ved brennofferet og Moabs hovdingar med han; og Balak spurde: Kva sa Herren?
18
Då tok Bileam til å kveda og sa: Statt upp, Balak, og høyr! Lyd på meg du son åt Sippor!
19
Gud er ikkje eit menneske, so han skulde ljuga, eller eit mannebarn, so han skulde angra; skulde han segja noko og ikkje gjera det, skulde han tala og ikkje setja det i verk?
20
Velsigning sende han; hev han velsigna, so kann eg ikkje venda det.
21
Ikkje skodar han urett i Jakob, og ikkje ser han urett i Israel; Herren hans Gud er med han, og kongejubel høyrest der.
22
Gud førde dei ut or Egyptarland; styrke hev dei som ein villukse.
23
For ikkje finst det trolldom i Jakob, og ikkje spådomskunster i Israel; når stundi er der, vert det sagt til Jakob og til Israel kva Gud vil gjera.
24
Sjå - eit folk som ris som ei løvemor, lyfter seg til sprang som ei løva; det legg seg ikkje fyrr det hev metta seg med rov og drukke blod av dei det drap.
25
Då sa Balak til Bileam: Du skal ikkje banna dei eller velsigna dei!
26
Bileam svara: Hev eg ikkje sagt deg at eg i eitt og alt lyt gjera som Herren segjer?
27
Då sa Balak: Kjære, kom, so skal eg fylgja deg til ein annan stad; kann henda Gud ikkje hev noko imot at du bannar dei for meg der.
28
So tok han Bileam med seg upp på toppen av Peorfjellet, der ein ser utyver øydemarki.
29
Då sa Bileam til han: Bygg sju altar for meg her og få meg hit sju uksar og sju verar!
30
Og Balak gjorde som Bileam sa, og ofra ein ukse og ein ver på kvart altar.
← Chapter 22
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 24 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36