bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Numbers 29
Numbers 29
Norwegian 1938
← Chapter 28
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 30 →
1
Den fyrste dagen i den sjuande månaden skal de halda eit heilagt møte og må ikkje gjera noko utearbeid; den dagen skal lurane ljoma hjå dykk,
2
og de skal bera fram eit brennoffer som angar godt for Herren: ein ung ukse, ein ver, sju årsgamle lamb utan lyte,
3
og matofferet som høyrer til: fint mjøl, blanda med olje, tri tiandepartar av ein efa attåt uksen og tvo tiandepartar attåt veren,
4
og ein tiandepart for kvart av dei sju lambi,
5
og so ein syndofferbukk til å gjera soning for dykk med,
6
umfram månads-brennofferet og matofferet som høyrer til det, og umfram det faste brennofferet med sitt matoffer og dei vanlege drykkofferi, eit eldoffer som angar godt for Herren.
7
Tiande dagen i den same sjuande månaden skal de halda eit heilagt møte. Då skal de fasta og ikkje gjera noko utearbeid;
8
og de skal bera fram for Herren eit brennoffer som angar godt: ein ung ukse, ein ver, sju årsgamle lamb - lytelause skal dei vera -
9
og matofferet som høyrer til: fint mjøl, blanda med olje, tri tiandepartar av ein efa attåt uksen og tvo tiandepartar attåt veren,
10
og ein tiandepart for kvart av dei sju lambi,
11
og so ein geitebukk til syndoffer, umfram sonings-syndofferet og det daglege brennofferet med matoffer og drykkoffer som høyrer til.
12
Femtande dagen i den sjuande månaden skal de samlast til eit heilagt møte og må ikkje gjera noko utearbeid; og de skal halda helg for Herren i sju dagar.
13
Då skal de bera fram eit brennoffer, eit eldoffer som angar godt for Herren: trettan unge uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb - lytelause skal dei vera -
14
og matofferet som høyrer til: fint mjøl blanda med olje, tri tiandepartar av ein efa for kvar av dei trettan uksane og tvo tiandepartar for kvar av dei tvo verane,
15
og ein tiandepart for kvart av dei fjortan lambi,
16
og so ein geitebukk til syndoffer, umfram det daglege brennofferet med sitt matoffer og drykkoffer.
17
Andre dagen skal de bera fram tolv unge uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,
18
og matoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksane og verane og lambi etter talet,
19
og ein geitebukk til syndoffer, umfram det daglege brennofferet med sitt matoffer og sine drykkoffer;
20
tridje dagen elleve uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,
21
og matoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksane og verane og lambi etter talet,
22
og ein geitebukk til syndoffer, umfram det daglege brennofferet med sitt matoffer og drykkoffer;
23
fjorde dagen ti uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,
24
med matoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksane og verane og lambi etter talet,
25
og ein geitebukk til syndoffer, umfram det daglege brennofferet med sitt matoffer og drykkoffer;
26
femte dagen ni uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,
27
med matoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksane og verane og lambi etter talet,
28
og ein geitebukk til syndoffer, umfram det daglege brennofferet med sitt matoffer og drykkoffer;
29
sette dagen åtte uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,
30
med matoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksane og verane og lambi etter talet,
31
og ein geitebukk til syndoffer, umfram det daglege brennofferet med sitt matoffer og drykkoffer;
32
sjuande dagen sju uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,
33
med matoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksane og verane og lambi etter talet,
34
og ein geitebukk til syndoffer, umfram det daglege brennofferet med sitt matoffer og drykkoffer;
35
Åttande dagen skal de halda ei stor samlingshøgtid og må ikkje gjera noko utearbeid;
36
og de skal bera fram eit brennoffer, eit eldoffer som angar godt for Herren: ein ukse, ein ver, sju årsgamle lamb utan lyte,
37
med matoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksen og veren og lambi etter talet,
38
og ein geitebukk til syndoffer, umfram det daglege brennofferet med sitt matoffer og drykkoffer;
39
Dette er det de skal ofra Herren på høgtidene dykkar, umfram lovnadsofferi og dei friviljuge offeri dykkar, anten det er brennoffer eller matoffer eller drykkoffer eller takkoffer.
← Chapter 28
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 30 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36