bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Zechariah 1
Zechariah 1
Norwegian N 78 NN
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 2 →
1
I den åttande månaden i det andre styringsåret åt Dareios kom Herrens ord til profeten Sakarja, son til Berekja, som var son til Iddo, og det lydde så:
2
Herren har vore storleg harm på fedrane dykkar.
3
Du skal tala til folket: Så seier Herren, Allhærs Gud: Vend om til meg, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud, så vil eg venda om til dykk, seier Herren, Allhærs Gud.
4
Ver ikkje lik fedrane dykkar som dei førre profetane forkynte for og sa: «Så seier Herren, Allhærs Gud: Vend om frå dykkar vonde ferd og dykkar vonde gjerningar!» Men dei høyrde ikkje og vørde meg ikkje, lyder ordet frå Herren.
5
Kvar er no fedrane dykkar? Og profetane, lever dei til evig tid?
6
Men mine ord og bod som eg baud tenarane mine, profetane, å forkynna, har ikkje dei råka fedrane dykkar? Så måtte dei venda om og seia: «Som Herren, Allhærs Gud, hadde sett seg føre å gjera med oss etter vår ferd og våre gjerningar, såleis har han gjort med oss.»
7
Den 24. dagen i den ellevte månaden – det er sjebat månad – i det andre styringsåret åt Dareios kom Herrens ord til profeten Sakarja, son til Berekja, som var son til Iddo. Han sa:
8
Eg hadde eit syn i natt. Eg såg ein mann som reid på ein raud hest. Han stogga mellom myrtetrea i dalbotnen, og attanfor han stod raude, raudbrune og kvite hestar.
9
Eg spurde: «Kva tyder dette, herre?» Engelen som tala med meg, svara: «Eg skal syna deg kva det tyder.»
10
Så sa mannen som stod mellom myrtetrea: «Det er dei som Herren har sendt ut så dei skal fara ikring på jorda.»
11
Dei sa til Herrens engel, som stod mellom myrtetrea: «Vi har fare ikring på jorda, og heile jorda er roleg og still.»
12
Då tok Herrens engel til ords og sa: «Herre, Allhærs Gud, kor lenge vil du drya før du gjer miskunn mot Jerusalem og byane i Juda som du har vore harm på i sytti år?»
13
Og Herren gav engelen som tala med meg, gode og trøystande ord til svar.
14
Og engelen som tala med meg, sa: Rop ut desse orda: Så seier Herren, Allhærs Gud: Eg er full av brennhug for Jerusalem og Sion,
15
og stor er harmen min mot dei trygge heidningfolka; for då eg berre ¬var litegrann harm, gjorde dei ulukka større.
16
Difor seier Herren: Med miskunn kjem eg att ¬til Jerusalem. Der skal huset mitt byggjast, lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud, og mælesnor skal strekkjast ¬over Jerusalem.
17
Rop ut på nytt og sei: Så seier Herren, Allhærs Gud: Atter ein gong skal ¬byane mine fløyma over av det som godt er. Atter skal Herren ¬ha medkjensle med Sion, endå ein gong ¬velja ut Jerusalem.
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 2 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14