bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Zechariah 9
Zechariah 9
Norwegian N 78 NN
← Chapter 8
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 10 →
1
Eit domsord. Herrens ord er i Hadrak-landet, og i Damaskus slår det seg ned, – for menneska vender augo ¬mot Herren liksom alle Israels ætter –
2
ja, i Hamat òg ¬som grensar til det, og i Tyrus og Sidon, ¬der dei er så vise.
3
Tyrus bygde seg ¬festningsverk, hauga opp sølv som mold og reint gull som avfall i gata.
4
Sjå, Herren vil ta byen og styrta festningsverka ¬i havet; byen skal øydast i eld.
5
Asjkalon skal sjå det og ottast, Gasa skal skjelva i angst, like eins Ekron, fordi hennar von ¬har vorte til skammar. Gasa skal missa sin konge og Asjkalon sine innbyggjarar,
6
i Asjdod skal det bu ¬eit blandingsfolk. Eg vil gjera ende på høgmodet ¬åt filistarane;
7
eg vil ta blodet ¬or munnen deira og styggedomen bort ¬frå tennene deira. Men dei som vert att, skal høyra vår Gud til og vera som hovdingar i Juda; Ekron skal vera ¬som jebusittane.
8
Eg vil slå vakt om huset mitt til vern mot dei ¬som kjem og går. Aldri meir ¬skal nokon valdsherre fara fram imot dei. For no har eg sett det ¬med eigne augo.
9
Gled deg storleg, Sions dotter, set i og jubla, Jerusalem! Sjå, kongen din kjem til deg. Rettferdig er han, ¬og siger har han fått; audmjuk rid han på eit esel, på den unge eselfolen.
10
Eg vil rydja ut vognene ¬i Efraim og hestane i Jerusalem, og stridsbogen ¬skal brytast sund. Han skal skapa fred for folka, hans velde skal nå ¬frå hav til hav, frå Eufrat til heimsens endar.
11
Ja, for ditt paktblod skuld vil eg fria dine fangar ¬ut or brunnen som det ikkje finst vatn i.
12
«Vend heim til borga, de fangar som har von!» I dag forkynner eg: «Eg vil gje deg dobbelt att.»
13
For eg spenner Juda ¬som ein boge og legg Efraim på som pil. Eg eggjar dine søner, Sion, mot dine søner, Javan, og eg gjer deg lik sverdet ¬åt ein krigar.
14
Herren skal openberra seg ¬over dei, hans pil fara ut som eit lyn. Herren Gud ¬skal la hornet gjalla og fara fram i storm frå sør.
15
Herren, Allhærs Gud, ¬skal verna dei. Dei skal eta, og dei skal trakka ¬på slyngjesteinar, dei skal drikka og bråka som om dei var drukne av vin; både offerskåler og altarhjørne ¬skal fyllast.
16
Den dagen skal Herren ¬deira Gud berga folket sitt ¬som ein saueflokk. Som steinar i eit diadem skal dei glitra i landet hans.
17
Ja, kor godt og fagert det er! Kornet får gutane til å trivast og vinen jentene til å bløma.
← Chapter 8
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 10 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14