bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Zechariah 5
Zechariah 5
Norwegian N 78 NN
← Chapter 4
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 6 →
1
Då eg lyfte augo att, fekk eg sjå ein flygande bokrull.
2
Engelen spurde meg: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein flygande bokrull som er tjue alner lang og ti alner brei.»
3
Så sa han til meg: Dette er forbanninga som går ut over heile landet. Frå no av skal kvar tjuv rydjast ut etter det som står i bokrullen, og kvar den som sver, skal frå no av rydjast ut etter det som står der.
4
Eg sender ut forbanninga, lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud. Ho skal koma inn i huset ¬til tjuven og inn i huset til den som gjer rang eid ¬ved mitt namn, og ho skal slå seg til ¬i huset deira og øydeleggja det, ¬både treverk og stein.
5
Engelen som tala med meg, steig fram og sa til meg: «Lyft no augo og sjå kva som der kjem fram.»
6
Eg spurde: «Kva er det?» Han svara: «Det som der kjem fram, er eit efa-mål.» Så sa han: «Dette er det ein kan sjå i heile landet.»
7
Men sjå, då blyloket vart lyft opp, sat det ei kvinne i efa-målet.
8
«Dette er vondskapen,» sa han. Så kasta han henne ned att i efa-målet og la blysteinen over opninga.
9
Eg lyfte augo og fekk sjå to kvinner som kom fram. Vinden fylte vengene deira, for dei var som storkevenger. Dei lyfte efa-målet opp mellom himmel og jord.
10
Då spurde eg engelen som tala med meg: «Kvar skal dei av med efa-målet?»
11
Han svara: «Dei skal til Sinear-landet og byggja eit hus åt henne. Når det er ferdig, skal ho setjast ned der på sin stad.»
← Chapter 4
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 6 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14