bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Zechariah 4
Zechariah 4
Norwegian N 78 NN
← Chapter 3
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 5 →
1
Engelen som tala med meg, vekte meg ein gong til, som når ein mann vert vekt or svevnen.
2
Han spurde meg: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein ljosestake som er av gull heilt igjennom. På toppen har han ei oljeskål og sju lamper med sju røyrer til kvar av lampene, som sit øvst på han.
3
Attmed staken står to oliventre, eitt til høgre for oljeskåla og eitt til venstre.»
4
Eg tok til ords og spurde engelen som tala med meg: «Kva tyder dette, herre?»
5
Engelen som tala med meg, sa: «Veit du ikkje kva dette tyder?» Eg svara: «Nei, herre.»
6
Då tok han til ords og sa til meg: Dette er Herrens ord ¬til Serubabel: Ikkje med makt ¬og ikkje med kraft, men med min Ande, seier Herren, Allhærs Gud.
7
Kven er vel du, ¬du mektige fjell? Framfor Serubabel ¬skal du verta ei slette. Han skal føra fram ¬toppsteinen, medan dei ropar: «Nåde, nåde vere med han!»
8
Herrens ord kom til meg, ¬og det lydde så:
9
Serubabels hender ¬har tufta dette huset, og hans hender ¬skal fullføra det. Då skal du sanna at Herren, Allhærs Gud, ¬har sendt meg til dykk.
10
Ja, alle som har vanvørdt den dagen då det tok til ¬i det små, skal gleda seg når dei får sjå blyloddet i Serubabels hand. – Dei sju, det er Herrens augo som fer over heile jorda.
11
Då tok eg til ords og spurde han: «Men kva tyder dei to oliventrea som står til høgre og til venstre for ljosestaken?»
12
Atter tok eg til ords og spurde: «Kva tyder dei to olivengreinene attmed dei to gullrøyrene som leier den gylne oljen ned frå dei?»
13
Han sa til meg: «Veit du ikkje kva dei tyder?» «Nei, herre,» svara eg.
14
Då sa han: «Det er dei to som er salva med olje. Dei står framfor han som er herre over all jorda.»
← Chapter 3
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 5 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14