bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Zechariah 10
Zechariah 10
Norwegian N 78 NN
← Chapter 9
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 11 →
1
Bed Herren om regn når tida for vårregnet ¬er komen. Det er Herren ¬som skaper uversskyer og gjev menneska regnskurer, så dei får vokstrar på marka.
2
Husgudane tala berre lygn, spåmennene ¬hadde falske syner og fortalde svikefulle draumar; trøysta dei gav, ¬var ingenting verd. Difor laut folket fara av stad og lida vondt som sauer, fordi dei ikkje hadde hyrding.
3
Mot hyrdingane ¬logar min vreide, og bukkane vil eg krevja ¬til rekneskap. Men Herren, Allhærs Gud, vil sjå til Juda-ætta, ¬som er hans flokk. Han gjer henne ¬til sin stolte stridshest.
4
Frå henne skal hjørnestein ¬og teltplugg koma, frå henne ¬skal stridsboge koma, frå henne ¬skal kvar styresmann gå ut.
5
Dei skal vera ¬som kjemper i striden, som trakkar ned for fote ¬på sølete vegar. Dei skal strida, ¬for Herren er med dei, medan hestfolka ¬skal verta til skammar.
6
Eg gjer Juda-ætta sterk, og Josefs-ætta gjev eg siger. Eg lèt dei atter busetja seg, for eg har medkjensle med dei. Ja, det skal gå dei som om eg aldri ¬hadde støytt dei bort, for eg er Herren deira Gud, og eg vil høyra deira bøner.
7
Efraims menn ¬skal vera lik kjemper, dei skal vera glade som når ein drikk vin. Borna deira skal sjå det ¬med glede og hjarto deira fagna seg ¬i Herren.
8
Eg vil plystra på dei ¬og samla dei, for eg har fria dei ut. Dei skal verta så mange ¬som dei eingong var.
9
Sår eg dei ut mellom folka, vil dei minnast meg ¬i land langt borte. Dei skal leva saman ¬med borna sine og koma attende.
10
Eg vil føra dei heim att ¬frå Egypt, og frå Assyria ¬skal eg samla dei. Eg lèt dei koma ¬til Gilead og Libanon; men det vert ikkje rom nok ¬åt dei.
11
Han skal dra fram ¬gjennom det trugande havet og slå ned bylgjene der. Alle djupa i Nilen ¬skal turkast ut. Det Assur er stolt av, ¬skal støytast ned, kongsstaven skal vika ¬frå Egypt.
12
Eg vil gjera dei sterke i Herren, og dei skal ferdast ¬i hans namn, lyder ordet frå Herren.
← Chapter 9
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 11 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14