bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
/
Job 21
Job 21
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
← Chapter 20
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 22 →
1
Då svara Job og sagde:
2
«Å høyr då, høyr på mine ord! Gjev i minsto det til trøyst!
3
Lat meg få lov å tala ut, so kann du spotta etterpå.
4
Klagar eg vel på menneskje? Og hev eg ikkje grunn til harm?
5
Vend dykk til meg, og ottast so; legg handi so på dykkar munn.
6
Eg støkk, når eg det kjem i hug; ei bivring gjenom kroppen gjeng.
7
Kvifor fær dei gudlause liva, auka i magt som åri gjeng?
8
Dei ser si ætt stå fast ikring deim, dei hev sitt avkjøme for augo.
9
I fred stend husi deira trygge, Guds svipa råkar ikkje deim;
10
med heppa parast deira fe, og kyrne kastar aldri kalv.
11
Dei slepper borni ut som lamb, og gutarne i leiken hoppar;
12
Dei syng til trumma og til cither og frygdar seg ved fløyteljod.
13
I lukka liver dei si tid og fer so brått til helheim ned.
14
Til Gud dei segjer: «Haldt deg burte!» Me vil ’kje kjenna dine vegar!
15
Kvi skal me tena den Allsterke? Kva gagnar det å be til honom?»
16
«Dei hev ’kje lukka si i handi» - Langt burt frå meg med gudlaus råd!
17
Når sloknar lampa for gudlause? Når kjem ulukka yver deim? Gjev han deim straff i vreidesmod?
18
Fer dei vel burt som strå for vind, lik agner som i stormen fyk?
19
«Gud gøymer straffi til hans born.» Nei, sjølv skal mannen straffi kjenna!
20
Lat han få sjå sitt eige fall og drikka harm frå den Allsterke!
21
Kva bryr han seg vel um sitt hus, når månadstalet hans er fullt?
22
Vil nokon hjelpa Gud til kunnskap, han som er domar for dei høgste?
23
Den eine døyr på velmagts høgd, fullkomleg trygg og fredeleg;
24
hans fat er fulle utav mjølk, og i hans bein er mergen frisk;
25
den andre døyr so beisk i hug, hev ingenting av lukka smaka.
26
Dei båe vert i moldi lagde, og deira klednad makkar er.
27
Sjå kor eg kjennar dykkar tankar, og dykkar meinkrokar mot meg.
28
De spør: «Kvar er vel stormannshuset? Kvar er det tjeld der gudlause bur?»
29
Hev de ’kje høyrt av ferdafolk - de trur vel det som dei fortel -:
30
«Den vonde frå ulukka slepp; han berga vert på vreidedagen.
31
Kven lastar honom for hans ferd? Og straffar honom for hans gjerd?
32
Han vert til gravi båren burt, og ved hans gravhaug held dei vakt.
33
Søtt søv han under torv i dal, og i hans far all verdi fer, som tallause gjekk fyre honom.
34
Det trøystar meg med tome ord; av dykkar svar er sviket att.»
← Chapter 20
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 22 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42