bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
/
Job 31
Job 31
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
← Chapter 30
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 32 →
1
Med augo hev eg gjort ei pakt; eg skal ’kje skygna etter møy.
2
Kva gav meg elles Gud der uppe? Kva arv gav Allvald frå det høge?
3
Kjem ikkje udådsmann i naud? Og illgjersmenn i ulukka?
4
Ser ikkje han på mine vegar? Tel ikkje han kvart stig eg gjeng?
5
Dersom eg fram med fals hev fare, og foten sprunge etter svik
6
- Gud vege meg på rettferds vegt, so han kann sjå eg skuldlaus er! -
7
Veik mine stig frå vegen av, hev hjarta etter augo gjenge, var det ein flekk på mine hender,
8
so gjev ein annan et mitt såd, og riv mi planting upp med rot!
9
Let eg min hug av kvinna dåra, sneik eg til grannens dør meg fram,
10
so lat mitt viv åt andre mala, og andre yver ho seg bøygje!
11
For dette er ei skjemdarferd, eit brot som dom og straff fortener,
12
ein eld som eta vil til avgrunns og øydeleggja all mi eiga.
13
Vanvyrd’ eg retten åt min træl og trælkvinna i trætta med deim?
14
- Kva gjord’ eg då, når Gud reis upp? Kva svara eg, når han meg klaga?
15
Dei er som meg i morsliv skapte; ein forma oss i moderfang -
16
Um eg sagde nei når arming bad, og let enkja gråtande gå burt,
17
hev eg mitt brød åleine ete, so farlaus inkje fekk ein bit,
18
- nei, far for han eg var frå yngdi, frå morsliv var eg hennar førar -
19
Såg eg ein stakar utan klæde, ein fatig utan yverplagg,
20
og so hans lender ei meg signa, og ei mi saueull han vermde,
21
hev eg mot farlaus handi lyft, av di eg medhald fekk i retten:
22
Let herdi mi or led då losna, og armen brotna frå sitt bein!
23
For eg var ovleg rædd Guds straff, eg magtlaus stod framfor hans velde.
24
Um eg mi lit til gullet sette, og voni til det fine gull,
25
Gledde eg meg ved auka rikdom, og alt eg vann meg med mi hand,
26
såg eg på ljoset når det stråla, på månen der han skreid i glans,
27
vart hjarta mitt i løyndom dåra, so kyss på hand til deim eg sende,
28
so var det og straffande brot, då neitta eg min Gud der uppe.
29
Hev eg meg gledt ved uvens uferd, og jubla når han kom i skade,
30
- men eg let ikkje munnen synda og banna honom ifrå livet -
31
hev ei mitt husfolk stendigt sagt: «Kven gjekk vel svolten frå hans bord?»
32
- Eg let ’kje framand natta ute; for ferdamann eg opna døri -
33
hev eg som Adam dult mi synd, og løynt mi misgjerd i min barm,
34
di eg var rædd den store hop og ottast spott frå ættefrendar, so stilt eg heldt meg innum dører?
35
Å, vilde nokon høyra på meg! Sjå her er underskrifti mi, lat berre Allvald svara meg! Fekk eg den skrift min motpart skreiv,
36
den skulde eg på oksli bera og binda på meg som ein krans
37
eg melde honom kvart mitt stig, og som ein hovding møta honom.
38
Dersom min åker klagar meg, og um plogforerne lyt gråta,
39
åt eg hans grøda ubetalt, tok livet eg av eigarmannen:
40
Lat då for kveite klunger gro, og ugras der eg sådde bygg!» Her endar Jobs tale.
← Chapter 30
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 32 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42