bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
/
Job 37
Job 37
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
← Chapter 36
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 38 →
1
For dette bivrar hjarta mitt og lyfter seg frå staden sin.
2
Å, høyr på harmen i hans røyst, den dun som dundrar or hans munn!
3
Det fer burt under himmelkvelv, men elden skin til heimsens endar.
4
So burar røysti etterpå, han torar med sitt stolte mod, og ljoni held han ikkje att når røysti si han ljoma let.
5
Gud torar underfullt med røysti, gjer storverk som me ei kann skyna.
6
Han snøen byd: «Fall ned til jord!» Til regnet og, sitt sterke silregn.
7
Han stengjer av for mannehand, so all hans skapning læra må.
8
Villdyri gjeng til sine hi og kvilar på sin legestad.
9
Or inste kammer kjem det storm, og kulde ut av vindarne.
10
Utav Guds ande gustar frost, dei vide vatni kjem i tvang.
11
Han lastar skyi og med væta og breider sine elding-skyer,
12
og hit og dit dei hastar fram, og skifter leid som han det vil og set i verk det som han byd, utyver vide jordheims-kringen;
13
anten til ris, når jordi treng det, ell’ og med nåde lyt dei råka.
14
Job, lyd på dette, statt no still, gjev gaum på undri Gud hev gjort!
15
Veit du når Gud deim segjer fyre, og let sitt ljos or skyi skina?
16
Veit du vel korleis skyi sviv, um underi åt den Allvise?
17
Du som i heite klæde styn, når jordi brenn i sunnanvind?
18
Gjer du med honom himmelkvelven, som er so fast som støypte spegel?
19
Lær oss, kva me skal segja honom! Me tegja lyt for berre myrker.
20
Skal han få melding at eg talar? Vil nokon ynskja seg å tynast?
21
No kann ein ikkje ljoset sjå, um enn det klårt på himmeln skin, men vinden sopar skyi burt.
22
Langt nordanfrå kjem gullet hit, ein fælsleg glans ligg yver Gud.
23
Til Allvald kann me ikkje nå, til han som er so stor i magt; men rett og rettferd ei han krenkjer.
24
Difor ber folket age for han, han ansar ingen sjølvklok mann.»
← Chapter 36
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 38 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42