bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
/
Job 36
Job 36
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
← Chapter 35
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 37 →
1
Og Elihu heldt fram og sagde:
2
«Vent litt og lat meg tala til deg! For endå hev eg ord for Gud;
3
eg hentar kunnskap langan leid, skal hjelpa skaparen til rett.
4
For visst, mitt ord skal ikkje ljuga; framfor deg stend ein full-lærd mann.
5
Sjå, Gud er sterk, men vander ingen, han som er veldug i forstandskraft.
6
Han let ’kje gudlaus mann få liva; men armingarne gjev han rett.
7
Han snur ’kje augo frå rettvise; hjå kongar på sin konungsstol han let deim ævleg sitja høgt.
8
Um dei i lekkjor bundne vart og i ulukkesnaror fanga,
9
so synar han deim deira ferd og brot - at dei ovmoda seg -
10
til refsing opnar øyro deira og byd deim venda um frå syndi.
11
Um dei då høyrer vil og lyda, so liver dei sitt liv i lukka og sine år i herlegdom;
12
um ikkje, fær dei styng av spjotet, og i sin dårskap andast dei.
13
Men vreiden trivst i vonde hjarto; dei bed ’kje, um dei bundne vert;
14
i ungdomstidi skal dei døy, forgangast som utukt-sveinar.
15
Han frelser arming ved hans naud, opnar hans øyro gjenom trengsla.
16
Deg og han lokkar ut or trengsla, fritt fær du det og ikkje trongt, ditt bord er fullt av feite retter.
17
Men fær du straff som syndug mann, i fall hans domsord held deg fast.
18
Lat ikkje tukti avla vreide, den tunge bot deg leida vilt!
19
Kann klaga hjelpa deg or naud, kor mykje enn du stræva vil?
20
Du må ’kje lengta etter natti då folk vert rykte frå sin stad!
21
Gjev agt, so ei til synd du vender, for det du heller vil enn lida.
22
Sjå, Gud er upphøgd i sitt velde; kven er ein lærar slik som han?
23
Kven hev vel vegen lagt for honom? Kven sagde vel: «Du hev urett gjort?»
24
Hugs på å prisa høgt hans verk, som menneski hev sunge um!
25
Kvart menneskje med lyst det ser, mann-ætti ser det langan leid.
26
Upphøgd, uskynande er Gud, hans liveår kann ingen telja,
27
for han dreg vatsdroparne, so det vert regn av skodde-eim.
28
Og ifrå skyerne det fløymer og dryp ned yver mange folk.
29
Kven skynar vel skyhoparne og torebraket frå hans hytta?
30
Han breider ljoset sitt ikring seg og let det hylja havsens røter.
31
Soleis han dømer folkeslag og skiftar brød i ovmengd ut.
32
Han sveiper henderne i ljos og sender det mot fienden.
33
Hans tora meldar um hans koma, ja, feet varslar når han kjem.
← Chapter 35
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 37 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42